Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

15.04.20 - Barnehagane, 1.- 4. klasse og SFO opnar igjen over påske!

08.04.20: På ein pressekonferanse 7. april sa Regjeringa at dei no vil opne barnehagar over påske, frå og med 20 .april. Når det gjeld skule så vil dei opne for at elevar i 1. - 4. klasse skal starte 27.april, det same gjeld SFO.  

Kunnskapsminister Guri Melby sa på pressekonferansen at foreldre, barn og tilsette skal vera trygge på at ordninga skjer på ein forsvarleg måte. Dei skal få god og tydeleg informasjon om korleis ein skal begrensa smittespreiinga.

Det blir unntak for plikta til å gå på skule for barn i risikogruppene og for barn som lever saman med familiemedlemmer i risikogruppene, for å minimere risiko for alvorleg sjukdom. Desse vil framleis få fjernundervisning.Tilsyn gjeld som i dag for dei andre barna og elevane som har foreldre med samfunnskritiske funksjonar i barnehage og skule.

Det er eit mål at alle elevar skal kunne kome tilbake til skulen før sommaren, på ein eller annan måte, dersom det er smittevernmessig forsvarleg. Inntil vidare vil elevane i 5. – 10. klasse få fjernundervisning, som i dag.

Vindafjord kommune vil i løpet av påskeveka kome med retningslinjer på korleis ein skal trygge elevar, foreldre og tilsette.

15.04.20: Endring i liste over viktige og samfunnskritiske funksjonar

Tilsette i barnehagar/1.-4.steg i skule definert som samfunnskritiske roller frå 13.april

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. steg i skulen er få 13. april 2020 rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Born til personell i desse verksemdene kan få tilbod om barnehage- og skuleplass. Det er tilstrekkeleg at ein føresatt arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbud. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresatte, men der den eine føresatte er i samfunnskritisk funksjon kan det og bli gitt tilbod om plass.

Les meir på: https://www.udir.no/korona#ikkehjemme

Oppdatert liste over samfunnskritiske funksjonar frå Regeringa