Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

14.05.20 - Leikeplassar og aktivitetsparkar er opna for bruk igjen

Frå 14.05.20 har kommunelegen bestemt at leikeplassar (skular/barnehage) vert opna opp for aktivitet igjen, også utover opningstid. Det same gjeld for aktivitetsparkar. Det er likevel viktig å merke seg at visse restriksjonar gjeld. For dei som skal leike her, må smittevernreglane til Fokehelseinstituttet følgjast:

  • ​VASK HENDER GODT FØR LEIKEN TEK TIL​
  • HOST I OLBOGEKROKEN​
  • HA MED HANDDESINFEKSJON OG VASK HENDER GODT ETTER AT LEIKEN ER FERDIG​

​Kommunen ønskjer at leikeområda skal vera ope framover, difor er det viktig at alle respekterer reglane for bruk av leikeområdet og at eventuelle sperreband ikkje vert fjerna!