Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

08.05.20 - Oppstart av skule for 5. - 10. steg

08.05.20: Måndag 11. mai opnar skulane for 5.- 10. steg. 1.- 4. klasse har allereie vore på skulen i to veker, og det har gått veldig bra, elevar og tilsette har vore flinke til å forholda seg til smittevern.

Utdanningsdirektoratet har saman med Folkehelseinstituttet revidert dei eksisterande smittevernrettleiarane, som kom ut i samband med opning av barnehagar og småskulen. Desse gir råd og støtte til skular om smittevern.

Her er også informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk

Denne filmen om kva elevane bør tenkja på når dei kjem tilbake til skulen finn de her, den kan vera nyttig å sjå saman med elevane.

Det er også laga ein film der Udir fortel litt om kva ein må hugse på som vaksne i samband med opning av skulane.

Leiinga ved skulane, i samarbeid med dei tilsette, har førebudd seg på denne gjenopninga, men fekk først vite kva Regjeringa bestemte torsdag 07.05.20, på ettermiddagen. Dei har verkeleg jobba godt for å gjera denne opning trygg og god for elevane. Nokre skular er klare til å ta i mot 5.- 10. klasse allereie måndag 11.mai, medan andre kanskje må ha ein dag og to til å rigge seg. Dette er med tanke på smittevern. Det er framleis slik at elevane skal vera i faste kohortar, og halda minimum ein meters avstand. Det er dette som kan føre til utfordring med tanke på plass, difor sonderer rektor og leiinga ved skulane om det er behov for andre lokale i nærområdet, som kan vera aktuelle. Den enkelte rektor vil senda eigne informasjonsskriv om korleis skulen riggar seg til ny start.


Skyss

Kolumbus AS visar til sentrale myndigheters avgjerd om å gjenopne skulane. Her kan de lesa om korleis Kolumbus planlegg gjennomføringa av skuleskyssen, etter gjenopninga av skulane.

Smittevernreglar

  • Gjeldande smittevernreglar skal følgast, med minimum ein meters avstand mellom dei reisande
  • For å forenkle informasjonen om ein meters avstandskrav, vil seter i bussane vera merka som sperra
  • Normalt skal det berre sitja ein elev pr dobbelsete. Unnatak: elevar frå same husstand kan sitja saman på eit dobbelt sete
  • Sjåførane har ikkje høve til å følgje opp at smittevernreglene vert følgt, her oppfordrar ein skulene og elevane sine føresette om å informera elevane om dei gjeldene reglane
  • Det vert gjennomført ekstra vask av alle bussane, minimum ein gong pr døgn
  • Etter kvar tur, vil sjåførane gå over kontaktflatar med desinfiserande midlar

Gjennomføring av skoleskyssen

  • Skulebussane vil følgja oppsette ruter, til same tid og strekningar som før stenging av skulane blei gjennomført.
  • I veke 20 vil me køyre med normal kapasitet måndag, tysdag og onsdag.
  • Dersom kapasiteten på skulebussen er for liten, vil me innføre ein kombinasjon av følgende:
    • Setje inn ein ekstrabuss på avgang(ane)
    • Skulebussen køyrer to turar til skulen og to turar frå skulen.
    • Omdisponera, der det er mogleg bussmateriell for auka kapasitet
  • Må det køyres to eller fleire turar med skulebussen, må elevane informerast om dette
  • Det vert ikkje planlagd med ståplassar på skuleskyss
  • Det er ikkje nok bussmateriell i Rogaland til å køyre to bussar pr skuleskyssavgang

Elever med individuell tilrettelagt skuleskyss

  • Skyss av elever med rett til individuell tilrettelagd skule vil følgje dei same tidene som før stenging av skulene
  • Dersom smittevernreglane ikkje kan følgjast under transport, må transportør køyre fleire

Elever utan skyssrett

  • Slik situasjonen er nå, med avstandskrav vil det ikkje vera mogleg for elever uten skyssrett til å følgje skulebussane. Dette gjeld sjølv om dei har løyst gyldig billett (busskort). Kolumbus beklagar ulempene dette kan medføre for den enkelte elev, men med sterkt begrensa kapasitet, må ein prioritere dei som har rett til skuleskyss etter Opplæringslova


Tilsyn

Skuleeigar har framleis ansvar for å sørge for eit tilbod til elevar som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver, 1.-7.klasse. Terskelen for å få tilbod ligg høgt av omsyn til smittevern. Difor bør dette tilbodet reduserast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet. Det er nok at éin føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod dersom det ikkje finnes andre muligheiter for barnepass. Arbeidsgivar må på førespurnad kunne bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve.

Det skal også leggjast til rette tilsyn for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Her skal det gjerast eigne vurderingar. Det er den enkelte skule som kjenner elevane best, som saman med andre lokale faginstansar kan gjera gode vurderingar.


SFO

I utgangspunktet skal det vera ordinær opningstid. Det er kun høve til å  redusere opningstid ved særlege høve. Informasjon om eventuell endring av opningstid og tilbod, vil rektor informere vidare om dersom aktuelt. Skulen må lage kohortar og reglar om opphald. Det blir lagt til rette for mykje uteaktivitet. I tillegg til dei som til vanleg har SFO tilbod, kan det vera ein del elevar som har tilsyn. Rettleiar for smittevern gjeld også i SFO.


Nyttige lenker
 

Udir: Informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk

Udir: Skole – informasjon om koronasituasjonen

Udir: Rettleiar om smittevern for barneskule og ungdomsskule

Til barn og unge i Vindafjord


Spørsmål?

Har du meir spørsmål som gjeld skulestart eller tilsyn, ta direkte kontakt med rektor på skulen din. Den enkelte skule vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.

Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug. Kontaktinformasjon til rektorane og skuleeigar finn de her.

Les elles skriv om opning av 1.-4.klasse her.

Vidare vil eg takka alle elevar, føresette og tilsette som har gjort ein formidabel innsats i den tida skulane har hatt fjernundervisning. Endeleg er det no altså opna opp for at alle elevane skal få kome tilbake til skulen, det er gledeleg. Elevar og foreldre kan vera trygge på at elevane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at elevane skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta elevane igjen.

Lukke til!


Med helsing

Nils Erik Eide

Kommunalsjef Oppvekst

98 28 68 72