Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

08.05.20 - Campingplassar og båthamner

08.05.20: NHO Reiseliv har nyleg utarbeida ein bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar - Trygg camping. Vindafjord kommune har tidlegare anbefalt stenging av felles sanitæranlegg og andre fellesareal i samband med utbrotet av covid-19, men vil fra i dag anbefale å følgje bransjenormen. Les denne her; https://www.nhoreiseliv.no/contentassets/52c9831df65148c7a7b1ed442283bba2/nho-reiseliv-bransjenorm-smitteverntiltak-ved-campingplasser-30-april-2020--web.pdf

Prosedyre for hyppig reinhald må vere utarbeida og følgjast før sanitæranlegga kan opnast. Dusjanlegg skal fortsatt haldast stengt.

----------

16.04.20: Vindafjord kommune opnar opp for bruk av campingplassar og båthamner frå og med 20. april. Med hensyn til smittevernet, er oppmodinga at ein framleis held felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom stengt.  Dette medfører at besøkande må ha tilgong til eige kjøkken og toalett. Tømmefasilitetar ved campingplassar kan difor haldast ope, så lenge hygienereglar vert fylgt opp. 

På campingplassar, båthamner og andre samlingsstader, er anbefalinga:

  • Det bør ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lev saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre bør ein halde ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Ved akutte luftvegsplagar så ber kommunane om at ein reiser tilbake til heimkommunen.

Dersom kommunen ser at anbefalinga ikkje vert fylgt og det vert danna større samlinger av folk – på campingplassar, hamner eller andre stader – kan det fattast vedtak om stenging iht. smittevernloven.

--------------

07.04.2020: Kommunane har i dei siste dagane motteke fleire spørsmål om bruk av campingplassar og båthamner. Dei raude dagane i påska nærmar seg og me ønskjer derfor på ny å presisere følgjande:

Vindafjord Kommune, saman med Tysvær kommune, har ei sterk tilråding om at campingplassar ikkje vert nytta i den situasjonen vi er inne i. Det er ulike smittekjelder på små og store campingplassar, og vi ber om at campingeigarar og gjestar held seg til desse tilrådingane for å unngå smittespreiing. Der er likevel mogeleg å reise på dagsbesøk for å utføre nødvendig vedlikehald, så lenge dei til einkvar tid gjeldande smittereglar vert fulgt. Sanitæranlegg er anbefalt stengt i noverande situasjon.

Denne sterke tilrådinga gjeld og for bubilar og båtar.

Vindafjord Kommune føl dei nasjonale retningslinjene, og tilrår difor:

  • Det bør ikkje vere meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanleg
  • Når ein er saman med andre bør ein halde fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.

Risikoen for smitte aukar med tida ein er saman, og til mindre avstanden mellom personar er.

Dersom kommunen ser at denne oppfordringa ikkje vert fulgt, og det vert samla større grupper av menneske – på campingplassar, hamner eller andre stadar – kan det fattast vedtak om stenging ihht. Smittevernlova.

Det er vanskelige tider for alle, men om alle står på i lag klarar vi å handtere desse utfordringane. Takk for samarbeidet.

 

Helsing

Terje Kleiven

Kommuneoverlege
 

Yngve Folven Bergesen

Rådmann