Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

08.05.20 - Bruk av idrettsanlegg, leikeplassar og aktivitetsparkar

08.05.20: I Vindafjord kommune gjeld fortsatt at aktiviteten på våre utandørs idrettsanlegg må vera ein organisert aktivitet. Sjå retningslinjer i pkt. nr 2 under. Leikeplassar og aktivitetsparkar er fortsatt stengt. Tiltaka vert fortløpande vurdert.

  1. Kommunelegen si vurdering er at fellestrening på fotballbaner utgjer smittefare, og bør reduserast til eit minimum. Vindafjord har mange andre flotte områder som kan nyttast i den situasjonen vi står i no.
  1. Idrettsforbundet og Fotballforbundet sine retningslinjer gjeld med følgande tillegg:
    1. Aktiviteten på idrettslaga sine fotballbaner må vere organisert av idrettslaget
    2. Strengt forbod mot spytting og liknande

----------

16.04.20: Vindafjord kommune opnar i dag opp for organisert aktivitet på våre utandørs idrettsanlegg i distriktet. Sjå retningslinjer i pkt. nr 2 under. Leikeplassar og aktivitetsparkar er fortsatt stengt.

  1. Kommunelegen si vurdering er at fellestrening på fotballbaner utgjer smittefare, og bør reduserast til eit minimum. Vindafjord har mange andre flotte områder som kan nyttast i den situasjonen vi står i no.
  1. Idrettsforbundet og Fotballforbundet sine retningslinjer gjeld med følgande tillegg:
    1. Aktiviteten på idrettslaga sine fotballbaner må vere organisert av idrettslaget
    2. Det blir ikkje opna for innendørstrening
    3. Maksimalt 5 personar, av desse minst ein vere over 18 år
    4. Strengt forbod mot spytting og liknande

------------

02.04.20: I etterkant av pressekonferanse med Helsedirektoratet i går har det vore noko usikkerheit om kva som gjeld for bruk av idrettsanlegg.

Vindafjord Kommune minner difor om vårt vedtak om stenging av idrettsanlegg.

Folkehelseinstituttet og Idrettsforbundet arbeider med retningsliner for bruk av anlegga ved eventuell gjenopning. Kommunen har gjort vedtak om stenging av alle idrettsanlegg i Vindafjord med heimel i smittevernlova. Ingen idrettsanlegg kan opnast før kommunen endrar vedtaket. Kommunen vil gjere ei sjølvstendig vurdering av dette neste veke.

Det er ein grunn til at smittepresset i Vindafjord er relativt lågt. Det handlar om at innbyggarane er flinke til å følge råd om smittehygienr, eigenkarantene og råd frå Helsedirektoratet og kommunen. Me har som mål å avgrense smittespreiing dei neste vekene. Kommunen vil informere Dykk med ein gong der der vert gjort nye vedtak etter Smittevernlova.

Dette til orientering.

Mvh

Terje Kleiven

Kommuneoverlege

Yngve Folven Bergesen

Rådmann

------------  

26.03.20: For å redusere smitterisikoen i Vindafjord Kommune, og for å sikre lik handsaming i heile kommunen, har Rådmannen og Kommuneoverlegen i dag fatta vedtak om at alle idrettsbaner i kommunen vert stengt. Heimel for vedtaket er smittevernlova § 4-1, og vert vurdert som medisinskfaglig nausynt for å å redusere smitterisiko i kommunen. Rådmannen vurderar det i tillegg slik at ein, gjennom tidlegare tilrådingar, har prøvd ut «frivillig medvirkning», slik at kriteria i smittevernlova § 1-5 er oppfylt.

Vedtaket om stenging varer gjeld frå torsdag 26. mars og, førebels, fram til og med 13. april. Det vil bli gjort fortløpande vurdering av både avslutning og forlenging av vedtaket, mellom anna avhenging av oppdaterte nasjonale retningslinjer.