Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

08.04.20 - Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivillighet

08.04.20: 14. april kan frivillige lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søkja om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte eller stengte arrangementer. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkjarane kan bruke tida fram mot 14. april på å forberede seg.

Over heile Norge har ei rekkje arrangementer innan idrett, kultur og frivillighet blitt avlyst, utsatt eller stengt. Krisepakken, ein stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

Det opnast for søknader 14. april, men allereie no ligg det mykje god informasjon, veiledning og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivillighet (inkludert kulturfrivillighet). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.

Les meir om desse ordningane på deira nettsider www.lottstift.no og www.kulturradet.no

Klikk for stort bilete