Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

03.04.20 - Til barn og unge i Vindafjord!

Klikk for stort bilete Av-og-til  

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg!

For elevar til og med 10. klasse:

Ring oss på telefon: 48 89 09 28

For ungdom (Vidaregåande, Helsestasjon for ungdom):

Ring oss på telefon: 99 57 09 69 (Samtaler, spørsmål rundt prevensjon, testing av seksuelt overførbare infeksjonar eller andre ting)

Kontakt oss ved behov – også i påskeferien!

Er det andre ting du lurar på?

I vår kommune finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien. Finn ut meir på denne sida: https://vindafjord.betreinnsats.no/

Fleire alternativ til å få hjelp

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakke med nokon du stoler på. Sjølv om skulen er stengd, er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg. Det finst òg andre alternativ for deg som treng nokon å snakke eller chatte med. Vi har samla nokre av dei her: 

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som blir utsett for vald eller overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan òg ringje dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111, du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen.
  • BaRsnakk
  • BaRsnakk er eit chattetilbod til deg som har foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag 17.00–20.00, og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.
  • Kors på halsen
  • Kors på halsen er eit tilbod til deg under 18 år og er bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringje, chatte eller sende e-post. Du kan ringje 800 333 21 måndag til fredag 14.00–22.00. Du kan òg snakke med andre på din eigen alder på forumet.
  • SnakkOmPsyken.no
  • Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9 og 19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag til torsdag 09.00–21.00, fredag 09.00–15.00 og søndag 15.00–21.00.
  • UngPrat.no
  • Ungprat.no er ei samtaleteneste for barn og unge mellom 13 og 24 år som treng nokon å prate med. Opningstidene er søndag til fredag 09.00–21.00.

Vindafjord er ein Av-og-til kommune og informasjonen over er henta herifrå: https://avogtil.no/her-kan-du-fa-hjelp/