Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

03.04.20 - NAV Vindafjord - Opningstider

Frå og med tysdag 17. mars har ikkje NAV Vindafjord ope for henvendelsar utan avtale. I den forbindelse har NAV Vindafjord oppretta ein vakttelefon som betenes av NAV kontoret måndag – fredag mellom kl. 12.00 - 14.00.  Nummeret til vakttelefonen er 901 72 874. 

Det står mykje god og oppdatert informasjon på nav.no, så gå inn her å sjekk før du eventuelt tar kontakt med NAV. https://www.nav.no/no/person

Økonomisk sosialhjelp

For dei som har behov for å søkje økonomisk sosialhjelp så ligg søknadsskjema på kommunen sine heimesider: Søknad kommunale tenester 

Benytt Vindafjord kommune sin postkasse på Rådhuset for å levere inn søknadsskjema, eller send inn per post. For dei som ikkje har moglegheit til å skrive ut søknadsskjema, så vil me henge opp ein postkasse utanfor Rådhuset med tomme skjema som kan fyllast ut og leggast i postkassa til kommunen.

Har ein ikkje moglegheit til å levere inn søknadsskjema i postkasse eller sende via posten kan ein ringe inn til vakttelefonen og få snakka med ein rettleiar.