Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

03.04.20 - Har barnet ditt behov for tilsyn i påska?

Til foreldre i barnehagar og skular i Vindafjord!


03.04.20: Det er no kome skriv frå Regjeringa der dei ber kommunane om å vurdera tilsynsordning i påskeferien.

Foreldre som jobber i kritiske samfunnsfunksjoner mens andre tar fri, skal være trygge på at barna deres tas vare på.  Andre barn som har det vanskelig skal også vite at de kan få støtte utenfor hjemmet. Derfor oppfordrer vi barnehager og skoler til å holde åpent i påsken der det er behov, sier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

I den samanheng tilbyr Vindafjord kommune denne tenesta, for dei som måtte ha behov, på følgjande dagar: 6.-, 7.-, 8.-, 9.-, 10. og 13. april.  

Ta raskt kontakt med leiinga ved barnehagane og skulane for å melde inn eventuelle behov for tilsyn (dag(ar) og tid), innan kl. 18.00 i dag, fredag 03.04.

Dette gjeld for barn til foreldre med kritisk samfunnsfunksjon, for barn i sårbare og utsette situasjonar og barn med særlege behov. Dette tilsynet er dersom ein ikkje har moglegheit for anna tilsyn.

Når det gjeld tilsynet, skal det vera forsvarleg og med varierte aktivitetar. Barna skal kjenna seg trygge og ivaretekne. Gjeldande retningslinjer om smittevern frå lokale og nasjonale helsemyndigheiter vert ivaretekne under tilsynet. Rett eller ikkje rett til tilsyn vert gjort som einskildvedtak av leiinga.

Kva skjer etter påske?

Førebels veit me ikkje om barnehagar og skular vert opna etter påske. Regjeringa held pressekonferanse 8. april, der me får vite meir om kva som skjer vidare. Leiinga ved barnehagane og skulane informerer heimane fortløpande.

Eg vil til slutt nytta høvet til å takka elevar, foreldre/føresette og tilsette for god innsats i denne tida me er inne i, og ønskjer samstundes dykk ein god påske!  

Ta vare på kvarandre; framleis på avstand om mogleg!

Mvh

Nils Erik Eide                                
Kommunalsjef Oppvekst
03.04.20