Imsland skule og barnehage

STL+ på Imsland skule

STL+ står for «skrive seg til lesing med talende tastatur». Elevane arbeidar med oppdagande skriving gjennom teknologi og i dialog med lærar. Ved hjelp av datamaskin lyderes kvar enkelt bokstav. I tillegg får elevane lest opp både ord og setningar umiddelbart etter at dei har skreve det. Dialogen mellom lærar og elevar er heilt sentral i denne arbeidsforma, og gjennom språksamtaler der undring og utforsking står i sentrum, utviklas elevane si språkforståing.

Grunnleggjande tankar om bruk av STL+ på Imsland skule, Vindafjord kommune.

Bakgrunn for at me blei med  på dette, var ”tidleg innsats”-prosjekt som KS, Statped Vest og Bredtvedt sto bak, oppstart våren 2010. Målsetjinga deira var:

”gjera enkle, rimelege og robuste grep som hjelper flest mogleg elevar over viktige meistringstersklar i løpet av 1. og 2.steget. ”

Vidare blei det sagt at det skulle vera ein fagleg møteplass for kommunar som ønskjer å utvikla skulane sine på effektiv tidleg innsats.  Det skulle vera ein utviklingsverkstad kor deltakarane skulle få hjelp til å halda fokus og trykk på eit innsatsområde over tid.

Gode resultat med nøgde elevar og foreldre både her og i dei andre prosjektskulane frå dei tre fylka som var med, førte til at Imsland skule held fram med STL+  .

Skuleleiarane som går inn for å driva med dette på sin skule, forpliktar seg til:

o   Å sørga for at det tekniske er på plass og fungerer godt før ein set i gong. Viktig å vera obs på at organiseringa kan variera frå år til år alt etter kva som fungerer best for klassen og læraren.

o   At læraren må få opplæring i bruk av metoden

o   Å setja erfaren og motivert lærar til å ha leseopplæringa.

o   Å følgja opp undervegs ved å syna interesse og elles tilpassa utstyr og organisering om det er behov for det

 

STL+ går  rett inn i tankane bak Haugalandsløftet.

Våren 2012 hadde me dessutan besøk/hospitering av 3tilsette frå Lesesenteret i Stavanger som synte positiv interesse for metoden.

 

1.klasse:

o   Elevane skriv ikkje bokstavar med blyant.

o   Språksamtalane er vesentlege i denne metoden, både samla i heil klasse og med den enkelte når dei skriv på pc.

o   Elevane får umiddelbar tilbakemelding på om det dei skriv er rett, noko som gjer dei medvitne på rettskriving frå starten.

o   Det er eleven sine setningar, eleven sine tankar som heile tida blir skrivne.

o   Før elevane sjølv knekkjer lesekoden og kan forma orda sjølv når dei skriv, skriv læraren setningane dei seier på eit ark/i ei bok (for hand) som elevane skriv av.

o   I starten skriv læraren berre store bokstavar, men det tar ikkje lang tid før elevane meistrar begge deler

o   All språkstimulerande aktivitet som har vore gjort tidlegare, blir jobba minst like mykje med.  

o   Den tida førsteklassingar tidlegare brukte til å skriva bokstavar, kan nå brukast til fleire språksamtalar og språkleiker (Jørgen Frost sine td)

o   Elevane får betre tid til å gjera seg føre med teikningar til tekstane sine

o   Dei eigenskrivne tekstane blir leselekse, evt kan elevane ha leselekse frå fellestekstar og lettlesbøker i tillegg

o   Lesebok er ikkje naudsynt, men om læraren gjerne vil bruka dette for å sikra ei viss systematisk innlæring av bokstavar og lydar, kan ein dela  ut etter kvart. Viktig uansett at dette blir nivåtilpassa den enkelte elev og at ein ikkje lar leseboka binda opp for mykje

o   Lesetilfanget skal vera stort og variert for elevane, både i klasserom og til heimlån.

o   Elevane lærer raskt skilnad på stor og liten bokstav, linjeskift, punktum o.l.

o   Rett plassering av fingrar på tastatur blir òg synt og erfart

o   Elevane nyttar små mus tilpassa små hender

o   Kvar elev har øyreklokker på seg når dei skriv for ikkje å uroa andre elevar. Iblant nyttar ein splittar på øyreklokkene og lar to og to elevar jobba saman om ein tekst.

o   Læraren rettar ikkje orda for eleven, men har samtale med den enkelte elev kor eleven sjølv lyttar ut den lyden/lydane dei treng.

o   Tekst elevane skriv ut, skal vera rett skriven.

o   Printeren er i same rom eller i tilstøytande rom.

o   Imsland har nytta verktøyet CD-ord frå Mikroverkstedet, men andre talesyntese-program kan vera aktuelle på sikt.

o   Maskinane har vore innstilte slik at eit word-dokument dukkar opp med det same dei loggar seg inn. Og det er fonten Skoleskrift (kjøpt inn frå Lesesenteret) med skriftstorleik 20 som er framme . På cd-ord varierer det frå elev til elev kva funksjon som trengs (i starten både lyd, ord og setning opplese). Stemma som passar best til vår dialekt/skriftspråk , er Alice

o   Når elevar skriv på data, er  det  trong for ein vaksen pr 5 elevar, i alle fall før dei blir meir ”sjølvgåande”.

o   Elevane har ca. 4 skriveøkter pr veke, 30-50min

o   I ei av skriveøktene i veka er det læraren som skriv på storskjerm (m/lyd). Elevane formulerer setningane, teksten blir heile tida deira

o   Sjølv om ein ikkje legg opp til skriving av bokstavar med blyant, blir heller ingen elevar ”refsa” om dei skriv litt på eige initiativ.  Skriving for hand har berre ikkje nokon plass i opplæringa. Elevane skal ha nok arbeid med andre oppgåver.

o   Me gjennomfører nasjonal kartleggingsprøve i lesing/skriving ved bruk av data.

 

 

2.klasse:

o   Elevane øver nå inn handskrift. 

o   Fleire bokstavar i veka og store/små bokstavar blir innlært samstundes. Dette er uansett kjent stoff.

o   I starten skriv dei avskrift (frå læraren eller frå lærebøker)

o   Etter kvart skriv dei tekstar frå eige hovud

o   Parallelt med eiga skriftforming, fortset 2.klassingane med dataskriving ca 2 gonger i veka

o   Tekstane blir lagra og nytta til lekse

o   1.-2.klasse kan ha datamaskinar inne i klasserommet slik at ein kan leggja skriving inn som del av verkstadundervisning og deling av klassen eller nokon kan skriva på maskin og andre kan ha matte td.. Moglegheitene er mange

 

I  3.-7.klasse nyttar elevane verktøyet CD-ord etter behov når dei skriv på pc. Nokre har nyte av å få teksten sin opplesen og nokre nyttar ordlista.

Og som spespedverktøy nyttar ein cd-ord.

Kontaktinformasjon

Imsland skule og barnehage
Ølmedalsvegen 23, Imsland,
5583 Vikedal
E-post : imsland.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 30