Imsland skule og barnehage

Korleis lesa med barn

Ei bok er eit fantastisk utgongspunkt for god språkstimulering. Bruk boka til å få barnet til å snakka, det er med på å auka både ordforrådet  og forståinga hos barnet. Samtalen er vesentleg.

 «Snakkeles» gjerne gjennom boka etter tipsa nedanfor:

  • Identifikasjonsspørsmål der ein knyter band mellom litteraturen og lesaren (har du slike sokkar, søsken, dyr+ som boka fortel om?)
  • Refleksjonsspørsmål som skal få lesaren til å reflektera over innhald og språk (kunne dette skjedd? Kvifor/kvifor ikkje? Kva trur du skjer vidare? Kva skjedde dagen før?, kva trur du hovudpersonen tenkjer om…? eller dyret som ser på?…)
  • Overføringsspørsmål kor ein relaterer  lesinga til eige liv (har du opplevd noko liknade? Ser det slik ut heime hos deg/ i barnehagen, nokon plass du har vore? Likar du slik mat? Slike dyr? …og oppfølgingsspørsmål av typen har du? er du? )
  • Opne spørsmål Inviterer til mykje språkbruk og appellerer til barna  sine meiningar, erfaringar og fantasi (kva ser du på bileta? fargar? Mengd/Kva syns du er spesielt fint, stygt, spennande, skummelt, snilt….)
  • Lukka spørsmål Kan svarast på med einstavingsord eller fraser, og  inviterer ikkje nødvendigvis til vidare samtale
  • Kontrollspørsmål Er spørsmål som bed barna om å gjengi akkurat det teksten fortel, og opnar ikkje for vidare samtale.

Gå gjerne inn på www.lesesenteret.no sine sider. Der finn ein og tips til bøker som passar for ulike aldersgrupper.

At samtalen rundt aktiviteten blir minst like viktig nå når barna i tidleg alder nyttar seg av nettbrett og andre medier, er og verdt å nemna. Få barna i tale 

Kontaktinformasjon

Imsland skule og barnehage
Ølmedalsvegen 23, Imsland,
5583 Vikedal
E-post : imsland.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 30