Imsland skule og barnehage

Imsland skule - Fakta og kontaktinformasjon

Imsland skule og barnehage - Klikk for stort bilete

Imsland skule, SFO og Imsland barnehage er organisert som ei eining, og held til i Ølmedal ca 24 km frå Ølen.

Barnehagen i Imsland har ein avdeling med 20 plassar for barn 0-6 år. Barnehagen ligg i same bygget som skulen, og i friminutta kan barnehagebarn og skulebarn leika med kvarandre.

Visjonen til barnehagen er "Rom for alle, med blikk for den enkelte".

 

Skulen er fådelt for 1.-7.trinn. Me har rundt 35 elevar. For dei som ønsker det, tilbyr me SFO og leksehjelp.

Visjonen i skulen er "Trivsel gir næring til læring". 

 

Uteområdet til Imsland skule og barnehage er fantastisk og blir ofte nytta. Naturen er variert og flott i utgangspunktet, men i tillegg har foreldre og andre bygdefolk sett opp både ballbinge og eit grøntområde med amfi og utegrill. Skule- og barnehageområdet blir òg brukt mykje på fritida. 

 

Kontaktinformasjon

Adresse: Ølmedalsvegen 23, Imsland, 5583 Vikedal

Telefon: 53 65 58 30

Trådlaus telefon: 53 65 58 32

Einingsleiar: Ellen Marie Tveit Tangeraas

Ei bok er eit fantastisk utgongspunkt for god språkstimulering. Bruk boka til å få barnet til å snakka, det er med på å auka både ordforrådet  og forståinga hos barnet. Samtalen er vesentleg.

STL+ står for «skrive seg til lesing med talende tastatur». Elevane arbeidar med oppdagande skriving gjennom teknologi og i dialog med lærar. Ved hjelp av datamaskin lyderes kvar enkelt bokstav. I tillegg får elevane lest opp både ord og setningar umiddelbart etter at dei har skreve det. Dialogen mellom lærar og elevar er heilt sentral i denne arbeidsforma, og gjennom språksamtaler der undring og utforsking står i sentrum, utviklas elevane si språkforståing.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Imsland skule og barnehage
Ølmedalsvegen 23, Imsland,
5583 Vikedal
E-post : imsland.skule@vindafjord.kommu..
Telefon
: 53 65 58 30

Rektor
Tlf: 53 65 58 30
E-post: Send epost