Parkeringsløyve for personar med nedsett funksjonevne

Kva tilbyr me?

  • Parkeringsløyve er meint som hjelpemiddel for personar som på grunn av vesentleg nedsett rørsleevne har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stadar.
  • Løyvet gir deg rett til å parkera på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betalar avgift, og utan at du må følga den lengst fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna).
  • Du kan søka kommunen om parkeringsløyve for personar med nedsett funksjonsevne.
  • Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Kven kan få parkeringsløyve?

  • Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finna parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.
  • Løyvet er personleg, og det er ikkje lov å la andre nytta seg av det.
  • For å få parkeringsløyve er det ikke tilstrekkeleg å påvisa ein sjudomstilstand som begrensar rørsleevna.
  • Det er i tillegg krav om at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg til å dekka søkaren sitt behov.

Dette må du ha med i søknaden

Les nøye gjennom søknadskjemaet og besvar alle felt. Då får me eit godt bilete av ditt behov, og må ikkje bruka unødig lang tid på behandling av søknaden.

Tenk godt gjennom

  • kvar er det du har problemer med å parkera, og kor ofte er du her? (oppgje stadsnavn/gatenavn)
  • kvifor er det vanskeleg å parkera her?
  • kva slag parkeringsplassar er det her?
  • kva er det som gjer at du ikkje kan bruka dei ordinære plassane her?
  • korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpa deg på desse bestemte stadane?
  • er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, spør om du kan få dokumentasjon på dette.

Opplysningar om særlege behov

Det er i sjølve søknaden du må få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seia at du må beskriva kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadane du ofte besøker ikkje kan brukast. I søknadsskjemaet er det tatt med ulike forhold me ønsker svar på.

Legeerklæring

Legeerklæringa skal vera godt utfylt med opplysningar om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå med og utan hjelpemiddel, om du brukar krykker, stokk, rullator eller rullestol. Legeerklæringa dannar det medisinske grunnlaget for vurderinga.

Vedlegg

  • Passfoto av deg sjølv.
  • Kopi av førarkort (begge sider) dersom du søker som førar av bil.

Førarar over 75 år må legga ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens vegvesen etter framlagt helseattest.

Søker du som passasjer?

Personar med nedsett funksjonsevne som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til staden og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløyve for å gjera dette.

Parkeringsløyve blir tildelt når den som blir transportert ikkje kan bli igjen aleine (for eksempel på venterom) medan bilen blir flytta. Dette må framgå av legeerklæringa og søknaden.

Slik søker du

Søknad om parkeringsløyve (PDF, 256 kB)

Fyll ut søknadsskjemaet og send det til 

Servicetorget, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Eller bruk eDialog for å senda søknaden sikkert digitalt.

Hjelp til å søka

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjema, kan du kontakta servicetorget ved rådhuset i Ølen.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Klagerett

Om du får avslag på søknad om parkeringsløyve, kan du klaga på dette. Kommunen skal gi deg rettleiing i korleis du klagar.

Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdera søknaden din på nytt.