Tilrettelagt arbeid og aktivitetstilbod

Kva tilbyr me?

  • Målet er å gi eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre, etter eigne behov og ressursar, samtidig med ei utvikling av den enkelte sine ressursar.
  • Brukar får ei funksjonsvurdering som er grunnlag for tilbod om arbeid på brukar sine premissar.
  • Ein får personale tilgjengeleg som gir rettleiing og fagleg oppfølging i faglege forsvarlege tenester ut frå mål om eigenverd, sjølvstende og normalisering.
  • Det vert gitt motivasjonsløn etter nærare fastlagde beløp.

Kven kan få tilbodet?

  • Aktivitet og verkstad: Vaksne personar over 18 år som bur i Vindafjord kommune, primært mennesker med psykisk utviklingshemming. Tenesta skal tilpassast individellle behov
  • Vaktmeisterteamet: kan gis til innbyggarar over 18 år med utfordringar innan rus, psykiatri, NAV (aktivitetsplikt, arbeidstrening) og frå integreringstenesta.

Kvar får ein tilbod?

Tilrettelagt arbeid blir gitt ved Gnisten, Vindafjord arbeid -og aktivitetssenter.

Tenester vil som regel vera kjend for eininga etter langvarig samarbeid med brukar/pårørande. Ta kontakt med eining tilrettelagde tenester om du lurar på noko.

Gnisten, Vindafjord arbeids- og aktivitetssenter

Klikk for stort bileteGnisten, arbeid- og aktivitetssenter er eit senter med 3 avdelingar. Det er 35 deltakarar på Gnisten, desse er fordelt på aktivitet, verkstad og vaktmeisterteam.

Gnisten har som mål å gi den enkelte arbeidstakar økt livskvalitet i ein meiningsfull arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver. Vidare vil me tilrettelegga for at den enkelte i størst mogleg grad får nyttiggjera sin arbeidsevne.

  •  «Aktivitet og verkstad» har variert innhald. Aktiviteten har felles songstund og «danseLars» tre dagar i veka. Brukarane kan nytte seg av Gnisten sitt eige sanserom og har tilgjengelig velværerom med tak-heis og boblebad. Verkstaden driv med produksjon av tennbriketter, gjerdeklyverar, ulike tre- og tekstilprodukt og makulerer papir.
  •  «Vaktmeisterteamet» er ein arbeidsretta aktivitet og møteplass for menneske med ulike utfordringar innan rus og/eller psykiatri eller frå ulike tiltak gjennom Nav. Vaktmeisterteamet tar små og store oppdrag for kommunen og privatpersonar; eksempelvis vask av bilar, stell av park-/uteområde, vårrydding i hagar og diverse små malingsoppdrag.

Gnisten har ein butikk med mange fine produkt som er produsert på Gnisten. Følg oss gjerne på facebook!

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete 

Slik søker du helse- og omsorgstenester

 

Kontaktinformasjon

Gnisten
Vindafjord arbeids-og aktivitetssenter
E-post
Telefon 53 65 56 31

Besøksadresse
Sandeidvegen 792, 5582 Sandeid

Butikken si opningstid
Måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00

    

Birte Dyngeland
Avdelingsleiar
Gnisten
E-post
Telefon 53 65 56 31
Mobil 975 14 137