Influensavaksinering 2021

Personar med risikosjukdom, samt dei over 65 år, vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom. Det blir vaksinering på Ølen kulturhus i veke 44 og 45.

Det blir timebestilling for influensavaksine på Remin på lik måte som bestilling for koronatest og koronavaksine. Me anbefaler derfor alle som er i risikogruppe å bestilla time på nett  for å unngå telefonkø.

Timebestilling Remin Vindafjord

Brukar du mobil, skroll ned til influensavaksine.

Det er mogeleg å bestilla time for andre, og me oppfordrar pårørande å hjelpa til ved bestilling av time. Du går då inn via eigen ID-port. Det er også eit alternativ å ringa i vaksinekontoret sine åpningstider, men då må du vera innstilt på ventetid. Du kan også senda ein e-post. 

Oppskrift på korleis bestilla for andre

Send e-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Ring vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42 eller telefon 53 65 60 34, kvardager mellom klokka 09.00-12.00

Gratis for risikogruppene

Årets influensavaksine er gratis for alle i risikogruppene. 

Det er også eit alternativ å få sett vaksinen i samband med time hos fastlegen din. Hos fastlege må du betala ein eigenandel på 50 kroner om du ikkje har frikort.

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet

Husk på

  • Alle som møter til vaksinering må vera fri for luftvegssymptom. 
  • Møt opp til rett tid. Vent gjerne i bilen om du er for tidleg ute.
  • Du vil få utdelt munnbind til bruk i lokalet.
  • Bruk handsprit og hald avstand.
  • Ha på praktiske klede for vaksinering i overarm. 
  • Du blir observert i 20 minutt etter at du har fått vaksinen.

Kven bør vaksinera seg?

Nær 1,6 millionar personar i Noreg tilhøyrer grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom. Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheimar.
  • Alle frå fylte 65 år.
  • Gravide etter 12 svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan. tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månedar til 5 år.

Barn og vaksne med

  • Kronisk lungesjukkdom (inkludert astma).
  • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk).
  • Diabetes type 1 og 2.
  • Leversvikt eller nyresvikt.
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft.
  • Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (for eksempel organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar).
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • Annan alvorlig og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (for eksempel personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad).

I tillegg er det anbefalt influensavaksine til

Les meir om influensavaksinasjonsprogrammet

Pneumokokkvaksine til risikogrupper

Alle personar over 65 år, eller som har en sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine. 

Pneumokokkvaksine kostar 500 kroner.

Pneumokokkar er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan også gi eit alvorligere sjukdomsforløp som blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt). Denne vaksinen er det anbefalt å ta kvart 10. år. Ved influensavaksinering kan du få denne samtidig, og den kostar 500 kroner.

Pneumokokkvaksine for for vaksne (FHI)

Åpningstider Ølen Kulturhus

Veke 44

  • Måndag 1. november   kl. 12.00-14.45  
  • Tysdag 2. november     kl. 12.00-17.45
  • Onsdag 3.november     kl. 12.00-14.45
  • Torsdag 4. november    kl. 12.00-17.45

Uke 45

  • Måndag 8. november    kl. 12.00-14.45
  • Tysdag 9. november      kl. 12.00-17.45
  • Onsdag 10. november   kl. 12.00-14.45