Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar alle miljøfaktorar som direkte eller indirekte kan påverka helsa, både fysiske, kjemiske, biologiske og sosiale miljøfaktorar.

Kommunane Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda har delegert arbeidet med miljøretta helsevern til eit interkommunalt selskap: Senter for Miljørettet Helsevern. Vertskommune er Sauda.

Ansvarsområde

Arbeidet innan miljøretta helsevern består blant anna av

  • Rådgjeving og behandling av klagesaker
  • Uttale i plansaker
  • Tilsyn med verksemder og eigendommer, for eksempel skular, barnehagar, campingplassar, kjøletårn og solarier
  • Behandling av søknadar for verksemder som er melde- og godkjenningspliktige

Meir informasjon finn du her.

Kontakt

Senter for Miljørettet Helsevern

Kontaktinformasjon

Terje Kleiven
Kommuneoverlege
E-post
Mobil 934 38 664