Har du bustad til flyktningar?

Vindafjord kommune skal busetta 60 flyktningar i 2023, og ønsker å komma i kontakt med huseigarar som har bustadar til leige. 

karishea@Pixabay

Flyktningane kjem frå både Ukraina og andre land. Det er i hovudsak behov for bustadar med eitt til tre soverom. Det er ønskeleg med bustadar som er i gåavstand til skule/barnehage og butikk. For tida er det størst behov for bustadar i Skjold, Ølensvåg, Vikedal og Sandeid.
 

Vindafjord kommune takkar alle huseigarar som allereie har tatt kontakt og tilbydd utleige av bustad. Me har no behov for å oppdatera oversikta over kva som er ledig. Dersom du har ein bustad som kan leigast ut er det fint om du sender ein e-post til trude.enge@nav.no. Du kan og ringa 94 15 03 83

Me ønsker at e-posten inneheld følgande informasjon: 

  • Namn, telefonnummer og e-post til huseigar.
  • Adressa til utleigebustad.
  • Tal på soverom.
  • Møblert, delvis møblert eller umøblert.
  • Tidspunktet det er ledig frå.
  • Pris, med eller utan straum.
  • Avstand til næraste busstopp.
  • Avstand til daglegvarebutikk.
  • Avstand til barnehage og skule.
  • Er bustaden eigna for barnefamiliar?
  • Er bustaden tilrettelagt for rørslehemma?
  • Er det tillatt med kjæledyr?