Status for koronavaksinering veke 16

Per 23. april er vaksineringa kome til gruppe 6. Dette er personar i alderen 55-64 år med underliggande sjukdomar.

Eldre kvinne får koronavaksine. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

– Det betyr ikkje at alle dosar er sett i gruppe 4 og 5, men at alle som har fått ein melding om samtykke skal ha fått tilbod om time så langt det har latt seg gjera. Dei som ikkje  har svara på meldingar, har me ringt opp, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Ta kontakt med fastlegen

Ein kan ikkje sjølv melda seg inn som person med høgare risiko eller underliggande sjukdom.

– Det er det fastlegen som gjer. Om du meiner at du skulle hatt melding frå oss, må dette takast opp med fastlege, seier Økland.

Her finn du oversikt over gruppeinndelinga

Ikkje ventelister eller eksakt vaksineplan

– Me opererer ikkje med ventelister. Det blir annonsert i god tid kva aldersgrupper som får tilbod fortløpande når me er ferdig å vaksinera gruppene med underliggande sjukdommar, seier Økland.

Kommunen blir kontakta av innbyggarar som ønskjer å veta eksakt dag og tid for time når deira gruppe står for tur. Dette er det dessverre ikkje mogeleg å få til.

Alt kjem an på kor mange vaksinedosar kommunen får til ei kvar tid. Av erfaring veit ein at dette kan endra seg frå veke til veke.

Foreløpig vaksinasjonscenario frå Folkehelseinstituttet (FHI) finn du her