Endringar i prioriteringsgrupper og intervall

Frå og med måndag 3. mai er tidsintervallet mellom første og andre dose med koronavaksine endra til 12 veker for dei utan underliggande sjukdommar eller tilstandar.

Klikk for stort bilete 

Helse- og omsorgsdepartementet har etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) bestemt å utvida tidsintervallet mellom første og andre dose av mRNA-vaksiner (BioNTech Pfizer og Moderna) mot covid-19.

Intervallet blir utvida frå 6 til 12 veker for dei utan underliggande sjukdommar. Dette blir gjort for å sikra at fleire får koronavaksine så tidleg som mogeleg.

Dette gjeld altså for dei som er i prioriteringsgruppe 8 og 9 og 18-44 år. Vindafjord kommune er ikkje kome til desse gruppene enno.

Meir om dette kan du lesa under «Korleis blir vaksina prioritert»

Prioriteringsgrupper

Det er også gjort mindre endringar på prioriteringsgrupper.

1. Bebuarar i sjukehjem

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år

4. Alder 65-74 år, og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar med høg risiko.

5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar

6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar

7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar

8. Alder 55-64 år

9. Alder 45-54 år

Prioritering av helsepersonell parallelt med risikogruppene:

Inntil 20 prosent av tilgjengelege vaksiner i kommunane kan gis til utvalgte grupper av helsepersonell i primærhelsetjenesta.

Meir om prioriteringsgrupper kan du lesa her

Vaksineringsscenario

Når kan me venta å kunna vaksinera ulike grupper mot covid-19?

Tala er usikre og scenariet gir eit foreløpig bilete basert på den informasjonen FHI har nå. Kalenderen bygger på venta leveranse og distribusjon av vaksiner frå Pfizer BioNTech og Moderna.

Vaksinasjonsscenariet viser eit forenkla nasjonalt gjennomsnitt der FHI går ut frå at anbefalte prioriteringar blir følgt nøye, og at kommunane vaksinerer i same tempo.

Det er enno ikkje bestemt korleis friske personar i alderen 18-44 år får tilbod om koronavaksine.

Her finn du meir informasjon