Nasjonale og lokale tiltak

Vindafjord kommune følger nasjonale reglar og anbefalingar. Sjå under for spesifikke lokale tiltak.

Nasjonale tiltak 

Samla og oppdatert informasjon frå regjeringa og departementa om tiltak og råd til befolkninga:

Følg temasida til regjeringa om koronasituasjonen 

Lokale tiltak 

Besøk på omsorgssentra

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet opnar nå opp for meir besøk på omsorgssentera.

Er du frisk og ikkje har luftvegssymptom, treng du ikkje å avtala besøk på førehand, men halda deg til gjeldane rutinar og smittevernråd.

Pårørande eller andre med luftvegssymptom, eller som sannsynleg har eller har bekrefta covid-19-smitte, skal som hovudregel ikkje koma på besøk. I særskilte tilfelle (alvorleg sjukdom eller terminale pasientar) kan ein få spesialavtale i høve til gjeldane rutine for å koma på besøk. Disse særskilte tilfella må avklarast med tilsynslegen.

Campingplassar og båthamner

Drift av campingplassar og båthamner skal skje i samsvar med NHO Reiseliv sin bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar - Trygg camping.

Prosedyre for hyppig reinhald må vera utarbeida og skal følgjast før sanitæranlegga kan opnast. Dusjanlegg kan også opnast når prosedyre for hyppig reinhald er utarbeida også for dusjanlegg.

Publikumsbygg

Frå 26.04.2021 vil Vindafjord kommune sine publikumsbygg gå tilbake til ordinære opningstider. Dette gjeld

  • Rådhuset i Ølen
  • Kultur- og læringssenteret ved Sjøperlo, inkludert biblioteket
  • Teknisk bygg i Sandeid

17. mai

Vindafjord kommune følgjer regjeringa sine retningslinjer for 17. mai

Har du spørsmål om lokale råd og tiltak som du ikkje finn svar på?

Har du spørsmål om nasjonale råd og tiltak som du ikkje finn svar på?