Kommuneoverlegen si oppsummering veke 17

Det er over ein månad sidan siste smittetilfelle i kommunen vår. I skrivande stund kjenner me til eitt nytt tilfelle. Det handlar om importsmitte på arbeidsinnvandrar. Dette er risikoen med eit aktivt næringsliv. Slik det ser ut i dag har me kontroll med tiltak som er igangsett med isolasjon og karantene.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete– Det er viktig at dei som har fått melding om vaksine møter til avtala tidspunkt. Om ein uteblir, vert ein sett bakerst i vaksinekøen, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik     

Vår kommune har til ei kvar tid mange i innreisekarantene. Dette skuldast i stor grad arbeidsinnvandring. Sjølv om der er eit sentralt register over innreise, har me erfart at det er vanskeleg å halda oversikt. Det er også ein risiko at ein ved innreise berre nyttar hurtigtestar som negativ test før ankomst til Noreg. Dette på grunn av uklare registreringar, feil i registreringar, personar som er vanskelege å få tak i osv.

I tillegg er det usikkert om alle som kjem til landet i det heile vert registrert. Me har avtale med eigen kontrollør som vil ta kontrollar. Me greier ikkje å kontrollera så mange som me ønskjer, men me vil også følga opp tips frå publikum når det gjeld brot på karantene og isolasjon. Mistenker ein dette kan ein melda frå til korona@vindafjord.kommune.no.

25 prosent har fått ein eller to dosar vaksine

Når det gjeld vaksinering, vil talet på nyvaksinerte verta noko redusert dei neste 2 vekene. Dette skuldast at alle som har fått AstraZeneca-vaksinen skal få tilbod om ei dose med Pfizer-vaksine. I tillegg er det fleire som får si andre dose av Pfizer-vaksine dei neste vekene.

Om lag 25 prosent av innbyggarane har fått ein eller to dosar vaksine etter denne veka. Me håpar på auke i takten dei neste vekene.

Det er viktig at dei som har fått melding om vaksine møter til avtala tidspunkt. Om ein uteblir, vert ein sett bakerst i vaksinekøen. Dette gjeld også om ein takkar nei til vaksine.

Me vaksinerer no gruppa mellom 45 og 55 år med underliggande sjukdom.

Importsmitte gjer kommunen ekstra sårbar

Mi vurdering er at det er importsmitte som gjer kommunen vår ekstra sårbar. Me har over 100 personar som har fått dispensasjon som såkalla samfunnskritisk arbeidstakarar inn til kommunen vår. Dette er kanskje eit dilemma i tider der så mange går arbeidslause.

Eit raskt søk på arbeidslause stillasarbeidarer busett på Vestlandet i dag, viser at det er 25 arbeidslause i denne yrkesgruppa. Då skulle ein kanskje ikkje tenka seg at denne type personell var samfunnskritisk.

Auke i eventuell nysmitte framover vil vera ei uforholdsmessig stor byrde for små- og mellomstore bedrifter i kommunen. Difor er det viktig at alle aktørar er strenge med tanke på kva ein søker dispensasjon for.

«Annan manns bør er lett å bera» heiter det i ordtaket. Slik må det ikkje vera.

Terje Kleiven
Kommuneoverlege