Går over til grønt nivå måndag

Smittesituasjonen er stabil i Vindafjord, og frå neste veke er skular og barnehagar tilbake på grønt nivå. 

Det er framleis smitte i omløp, men smittesituasjonen er stabil. Helsetenesta har kapasitet, og situasjonen er handterleg.

Frå og med måndag 17. januar går skular og barnehagar over til grønt nivå.

Me vil følga smittesituasjonen og sjukdomssituasjonen lokalt og regionalt, og gjer endringar på nivå i trafikklysmodellen om naudsynt. Dette gjeld også for vidaregåande skular. 

Nasjonale og lokale råd og tiltak 

Meld frå til testkontoret

Det er viktig at dei som får positivt resultat på hurtigtest straks informerer testkontoret og gjer ein avtale for PCR-test.

Testkontoret vil igjen informera skular og barnehagar dersom det er nærkontaktar involvert der.

Du når testkontoret på telefon 53 65 60 34 eller e-post korona@vindafjord.kommune.no.