Frå venstre: Lene Skartland og Anne-Beate Økland på vaksinekontoret
Anne Mette Klungland
Anne-Beate Økland og Lene Skartland på vaksinekontoret tilbakemelder fornøgd at mange så langt har bestilt time til vaksinering via bestillingsløysinga Remin. Dei påpeikar at det kan bli lang ventetid på vaksinetelefonen, og oppmodar flest mogleg til å bestilla via Remin. Hugs at andre kan logga seg inn og bestilla time for deg.
Influensavaksineringa skjer også i år på kulturhuset i Ølen. Ved oppmøte får du tilbod om oppfriskingsdose av koronavaksine og vaksine mot lungebetennelse som er anbefalt kvart 6. år. Du treng kun å bestilla time til influensavaksinering.
Alle over 65 år, og grupper med auka risiko for komplikasjonar, kan bestilla time no.
Informasjon frå Folkehelseinstituttet om vaksineanbefalingar og risikogrupper
Tidspunkt
Veke 44 : Onsdag 30. oktober + torsdag 31.oktober
Veke 45: Onsdag 6. november
Veke 46: Onsdag 13. november + torsdag 14. november
Vaksinering skjer alle dagar mellom kl. 09.00 og kl. 15.00.
Pris
Influensavaksine: 250 kroner
Vaksine mot lungebetennelse: 500 kroner
Koronavaksine : Gratis
Betaling med kort eller vipps.
Bestill time
Me anbefalar alle å bestilla time på nett, det kan bli lang ventetid på telefon. Hugs at familiemedlemmar og andre kan bestilla på vegne av deg.
Bestill time på Remin
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Telefon: 91 30 38 42 (mandag - torsdag kl. 09.00-12.00)
Latteren sit laust når Dag Gøran Olsen frå kommunaltekniske tenester får vaksine av Anne-Beate Økland og Lene Skartland.
Solbjørg Nedrelid