Helse og omsorg

Vaksinekontor

Vaksinekontoret ved Vindafjord helsestasjon tilbyr reisemedisinsk rådgjeving og vaksinasjon til reisande. Me tilbyr og vaksiner ved manglar i barnevaksinasjonsprogrammet, og vaksinar etter gjeldande nasjonale anbefalingar. Det vert mellom anna tilbod om influensavaksine frå hausten 2018.

I perioden 2016-2018 tilbyr me HPV-vaksine til kvinner født i tidsrommet 1991-1996. Dette er eit nasjonalt vaksinasjonsprosjekt mot livmorhalskreft. Denne vaksina er gratis.

Influensavaksine:
Hausten er her, og med den kjem influensaen.
I år tilbyr vaksinekontoret i Vindafjord drop in for vaksinering frå
01.november 2018 - 01.januar 2019.
Stad:
Vaksinekontoret ved Vindafjord helsestasjon
Tid:
Tirsdagar 08.30-16.30
Onsdagar 08.30-15.00
Torsdagar 08.30-15.00

Pris: kr 200,- (VIPPS eller betalingskort)
-------------

Timebestilling:
Telefon: 995 70 968
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Stad: Vindafjord helsestasjon, Ølen
Tid: Tysdag kl.10.00-17.00 og torsdag kl.09.00-15.00


Betaling: VIPPS eller betalingskort. Ingen kontantbetaling.

Det vert anbefalt å ta kontakt i god tid før reisa, gjerne 6 mnd. før planlagt reisedato.Nokre vaksinar treng to dosar for å oppnå god immunitet. Det er og viktig med påfyll av vaksina Boostrix-polio kvart 10. år. Dette er ei vaksine som beskyttar mot sjukdommane stivkrampe, kikhoste, difteri og polio.

Det vert ved konsultasjonen og gitt råd om korleis ein skal førebyggje sjukdom, og kva ein skal gjere når ein vert sjuk i utlandet.

Dersom du er usikker på om du treng vaksine før reisa, kan du gå inn og sjå på reisemålet ditt på http://www.vaksinekart.org. Her får du ei oversikt over dei ulike vaksinane som er anbefalt.

Folkehelseinsituttet er også en god informasjonskilde som representerer nasjonale råd https://www.fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/

Du kan sjølv sjekka kva vaksinar du har fått tidligare på mine vaksinar. Reisevaksinar og andre vaksinar du har fått som voksen er registrert frå 2011, og barnevaksinar på helsestasjon frå 1995.

 

Velkomen!

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30