Helse og omsorg

Tekniske hjelpemiddel

Kommunen si helseteneste skal mellom anna omfatte medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betre dagleg funksjonsevne inngår i denne tenesta.

Tekniske hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel er ein gjenstand eller eit tiltak som kan vere med på å redusere praktiske problem i kvardagen. Føremålet med tekniske hjelpemiddel er å betre funksjonsevna til den enkelte, samt å auke evna til sjølvhjelp og å lette pleie i heimen. Ansvaret for tekniske hjelpemiddel er delt mellom kommunen og NAV hjelpemiddelsentral.

 

Korttidsutlån

Kommunen har ansvar for utlån av tekniske hjelpemiddel der behovet er av kortvarig karakter, det vil seie under 2 år. Utlånet skjer frå det kommunale lageret for tekniske hjelpemiddel. Dette lageret inneheld alminneleg utstyr som til dømes toalettforhøgarar og gårollatorar.

Korttidsutlån av tekniske hjelpemiddel vert administrert av Øyane Asvo, som kan kontaktast på telefon 53 75 69 18.

 

Varig utlån

NAV hjelpemiddelsentral har det overordna ansvaret for varig utlån av tekniske hjelpemiddel, det vil seie når behovet for utlån er over 2 år. Varig utlån av tekniske hjelpemiddel må det søkjast om til NAV hjelpemiddelsentral på eigne skjema. Kommunen har fagpersonar som kan bistå med dette. Kommunen har også ansvar for utlevering og oppfølging av tekniske hjelpemiddel som er utlånt frå NAV hjelpemiddelsentral.

For varige utlån ta kontakt med Tina Günther på tlf : 91 36 87 12

Ved varig behov for syns- eller høyrselshjelpemiddel, kan syns- og høyrselskontaktane treffast på telefon 53 65 65 65.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30