Helse og omsorg

Omsorgsløn / omsorgsstønad

Omsorgsstønad (tidlegare kalla "omsorgsløn") kan bli gitt til personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid. Omsorgsytar har likevel ikkje eit krav på omsorgsstønad. 

Omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gi full løn for kvar time med omsorgsarbeid, og omsorg frå søkjer må vera til det beste for den som tek imot hjelp.

Søknad om omsorgsstønad skal vera skriftleg og signert av den som yter omsorgen. Mottaker av omsorgen skal vera eining i eller akseptera at tenesta vert sett i verk.

Søknad kan ein senda til Vindafjord kommune, Tenestekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

 Vilkår for å få tildelt omsorgsstønad

  • Omsorgsmottakaren må vera busett i Vindafjord kommunen når omsorga vert gitt.
  • Omsorgsarbeidet må vera særleg tyngande, og klart overstiga vanleg omsorg
  • Det er ein føresetnad at søkjaren utfører omsorgsarbeid som elles ville blitt utført av kommunen.
  • Brukaren må sjølv ha ynskje om at den som søkjer skal hjelpe til.
  • Det er alltid ein føresetnad at det er søkt NAV om hjelpestønad

Tildelingskriterier

Det er mange faktorar som skal leggjast vekt på ved vurdering om omsorgsarbeidet er særleg tyngande.

  • Arbeider søkjaren mange timar i månaden
  • Er omsorga naudsynte helse- og omsorgstenester
  • Er omsorgsarbeidet meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg arbeid
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • Skjer omsorgsarbeidet heile tida eller i periodar
  • Er det forventa at omsorgsarbeidet skal vare over lang tid
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • Har søkjaren omsorg for meir enn ein person
  • Har søkjaren omsorgsplikt

 

Avtale og løn

Ved tildelt omsorgsstønad skal det skrivast ei avtale mellom kommunen og omsorgsytar. Omsorgsstønad er skattepliktig. Ein blir ikkje løna time for time, og det blir ikkje utbetalt feriepengar. Stønadssatsen følgjer minsteløn for ufaglært assistent.

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30