Helse og omsorg

"Lindrande seng"

Ølen omsorgssenter har i 2 etg. innreda ein leiligheit til bruk for alvorleg kreftsjuke pasientar og deira pårørande. Tilbodet vert kalla "Lindrande seng". Målet er at  pasienten skal ha best mogleg livskvalitet i siste fase av livet og at dei fysiske omgivelsene er tilrettelagd for pårørande. 

Leilegheita er lys, triveleg, har kjøkkenkrok og kjøleskap. Det er også  tv, dvd og musikkanlegg i leiligheta.
 
Kven kan søkje? 
Alvorleg kreftsjuke pasientar som bur i Vindafjord kommune, og har ei kort forventa levetid - om lag 0-3 månadar. Ein kan veksle mellom å vere i heimen og nytte lindrande seng . 
 
Kompetanse hos tilsette
Vindafjord kommune har 2 kreftsjukepleiarar der ein av dei alltid er på jobb på dagtid i vekedagane. Ølen omsorgssenter har sjukepleiarar og helsefagarbeidere med vidareutdanning innan kreftomsorg og palliasjon. Kreftsjukepleiarane bistår med internundervisning når det er behov for det.
 
Samarbeid
Tilsette har tett kontakt med sjukehus og lege,  det er tilsynslege ved sjukeheimen 2 dager i veka. Det er også tett samarbeid med kreftsjukepleiarane. 
 
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Kitty Soltvedt
Einingsleiar
Tlf: 53 65 60 22
E-post: Send epost