Helse og omsorg

Kreftsjukepleie

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vera til hjelp og støtte.

 

Kreftsjukepleiarane har koordinerande funksjon og samarbeidar med legane, fysioterapeutane, helsesøstrene, psykisk helseteneste, barne– og familierettleiarane og prestane i Vindafjord kommune, sjukehuset, kreftkoordinator, KOR og Kreftforeningen.

Kreftsjukepleiarane har også eit nært samarbeid med heimesjukepleien og sjukeheimane i Vindafjord kommune.
 

Kva er ein kreftsjukepleiar?


Ein kreftsjukepleiar er spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar.

Kreftsjukepleiar har også kompetanse innan lindrande behandling/smertelindring.

Kreftsjukepleiar ynskjer å komma i kontakt med deg som har nyoppdaga kreft og deg som har levd med sjukdommen lenge.

Les meir i brosjyra om kreftsjukepleietenesta. (PDF, 853 kB)

 

 

Kontaktopplysingar


Måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Telefon: 53 65 59 00

Ta gjerne kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidle kontakt.

 

Grete Skeie Sørhus - Klikk for stort bilete

Grete S. Sørhus: 48 89 12 11 

E-post: grete.skeie.sorhus@vindafjord.kommune.no

 

 

Unni Jamne - Klikk for stort bilete

Unni N. Jamne: 97 40 26 46

E-post: unni.jamne@vindafjord.kommune.no  

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30