Helse og omsorg

Heimesjukepleie

Alle personar som bur eller som midlertidig oppheld seg i kommunen, og som treng helsehjelp kan søkje kommunen om heimesjukepleie.

Hjelpa vert tildelt etter ei total vurdering av brukaren sine behov, ressursar og begrensningar.

Målet med tenesta er at brukar kan bu lengst mogleg i eigen heim, men framleis kjenne tryggleik, lindrande behandling og førebyggjing av omfanget av sjukdom.

Tenesta kan, mellom anna, hjelpe med: 

  • Stå opp og leggje seg
  • Kle av og på seg
  • Personleg hygiene
  • Måltider og hjelp til å ete og drikke
  • Hjelp til å søkje og få tilrettelagt tekniske hjelpemiddel
  • Hjelp til medisinering etter skriftleg avtale
  • Behandling i samråd med lege
  • Hjelpe til med smertebehandling
  • Hjelp til sårstell

Personretta tenester vert gitt heile døgnet alle dagar i året.

Brukar og pårørande skal ha eit samarbeid med personalet slik at heimen vert ein god arbeidsstad for dei i samsvar med arbeidsmiljøloven. Dette gjeld med tanke på fysiske belastningar, temperatur, røyk og liknande. Det vert forventa at det vert lagt til rette for bruk av tekniske hjelpemiddel i heimen for å unngå fysiske belastningar for den tilsette. Brukar har ikkje høve til å gi gåver til hjelpar.

 

Søkje om teneste

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Ta kontakt med Servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Det er ingen søknadsfrist for tenesta. Alle som søkjer vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker. Einingsleiar er saksbehandlar og tildeler tenesta i enkeltvedtak.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30