Helse og omsorg

Heimehjelp – praktisk bistand

Personar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, alder, funksjonshemming eller anna, og som treng hjelp for å bu i eigen bustad kan søkje om heimehjelp.

Tildeling skjer etter individuell vurdering, og hjelpetiltak vert samordna og formidla til aktuell samarbeidspartnar i samråd med brukar.

Med tenesta ønskjer ein å yte heilskapleg hjelp til brukarane ved å gi hjelp til sjølvhjelp. Ein vil skape tryggleik for at alle skal få høve til å bu heime så lenge det er praktisk mogleg.

 

Etter individuell vurdering av behov, kan det vere aktuelt å gi hjelp til:

  • Ordinært reinhald kvar 14. dag av rom som er i dagleg bruk
  • Matvarer blir bestilt pr. tlf. og køyrt ut frå/av butikk der dette er mogleg.
  • Klesvask vert berre utført i vaskemaskin.

 

Forventningar til brukar er blant anna:

  • At brukar er tilstades når hjelpa vert gitt.
  • At tenesteytar har eit forsvarleg arbeidsmiljø med tanke på fysisk belastning, romtemperatur, husdyr, røyk m.m.
  • Nødvendig utstyr til reingjering må vere tilgjengeleg.
  • Vegar skal vere brøyta og strødd slik at hjelpar kjem fram til heimen.
  • Brukar har ikkje høve til å gi gåver til hjelpar.

 

Søknad 

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Ta kontakt med Servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på, eller du ønskjer hjelp til å skrive søknaden.

Før vedtak vert avgjort, vil tenesteytar saman med brukar evt. hjelpeverge eller pårørande, kartleggje behov og omfang av tenesta.

 

Betaling

Betalingssatsar for tenesta vert fastsett av kommunestyret. Det er ein indeksregulert eigendel etter betalingsreglar for heimehjelpstenesta.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)

Tenestestandard praktisk bistand (PDF, 45 kB)

Takstar - Praktisk bistand Kommunen tek eigenbetaling for pleie- og omsorgstenesta som ei abonnementsordning med heimel i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester. Abonnementsordninga legg til grunn ei fast bestilling på tenesta pr mnd. Betaling for praktisk bistand (pr mnd) vert rekna ut i frå inntekt. Dersom ein mottek lite hjelp pr mnd, kan det verta rimelegare å betale timepris enn abonnement.
Takstar - Praktisk bistand
Teneste Takst
Brukar med nettoinntekt under 2 G, per mnd kr 205,-
Brukar med nettoinntekt mellom 2-3 G, per mnd kr 945,-
Brukar med nettoinntekt mellom 3-4 G, per mnd kr 1890,-
Brukar med nettoinntekt mellom 4-5 G, per mnd kr 2740,-
Brukar med nettoinntekt over 5 G, per mnd kr 3450,-
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30