Helse og omsorg

Tenestekontor

Blomstrande epleblome - Klikk for stort bilete

Tenestekontoret i Vindafjord skal sikra tilgang på helse- og omsorgstenester til alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Ein søkjer om helse- og omsorgstenester på skjema som ligg i vårt søknadssenter (PDF, 658 kB).

Tenestekontoret svarer på spørsmål, gir rettleiing og tar i mot søknader om helse- og omsorgstenester.

Følgjande tenester kan det søkjast om gjennom tenestekontoret:

Tenestekontoret er også koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (KE), og har ansvar for å følga opp brukarar med omfattande tenestebehov.

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vera til hjelp og støtte.

 

Kreftsjukepleiarane har koordinerande funksjon og samarbeidar med legane, fysioterapeutane, helsesøstrene, psykisk helseteneste, barne– og familierettleiarane og prestane i Vindafjord kommune, sjukehuset, kreftkoordinator, KOR og Kreftforeningen.

Ann Kristin Tangjerd og Grethe Hustvedt Lærdal er høyrsels- og synskontakt i kommunen.
Om du treng råd og rettleiing ta kontakt. 

Kommunen har for tida tre kommunalt tilsette fysioterapeutar. I tillegg har me og ergoterapeut i 80% stilling.

Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/bustadtilrettelegging.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30