Helse og omsorg
Epleblomst

Tenestekontoret i Vindafjord skal sikra tilgang på helse- og omsorgstenester til alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Ein søkjer om helse- og omsorgstenester på skjema som ligg i vårt søknadssenter (PDF, 387 kB).

Kommunen si helseteneste skal mellom anna omfatte medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betre dagleg funksjonsevne inngår i denne tenesta.

Kontaktinformasjon for spesialisthelsetenesta:

Alle personar som bur eller som midlertidig oppheld seg i kommunen, og som treng helsehjelp kan søkje kommunen om heimesjukepleie.

Hjelpa vert tildelt etter ei total vurdering av brukaren sine behov, ressursar og begrensningar.

Personar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, alder, funksjonshemming eller anna, og som treng hjelp for å bu i eigen bustad kan søkje om heimehjelp.

Tildeling skjer etter individuell vurdering, og hjelpetiltak vert samordna og formidla til aktuell samarbeidspartnar i samråd med brukar.

Innbyggjarar i kommunen kan søkja om utlevering av middag, slik at ein kan få ferdig laga middag køyrt heim til seg.

Tryggleiksalarm er eit låterskeltilbod i som skal hjelpa dei som bur heime til å kjenna større tryggleik.  

Omsorgsstønad (tidlegare kalla "omsorgsløn") kan bli gitt til personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid. Omsorgsytar har likevel ikkje eit krav på omsorgsstønad. 

Omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gi full løn for kvar time med omsorgsarbeid, og omsorg frå søkjer må vera til det beste for den som tek imot hjelp.

Søknad om omsorgsstønad skal vera skriftleg og signert av den som yter omsorgen. Mottaker av omsorgen skal vera eining i eller akseptera at tenesta vert sett i verk.

Søknad kan ein senda til Vindafjord kommune, Tenestekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta.

Sandeid fengsel er ein statleg institusjon. Kommunen har ansvar for helsetenesta til innsatte i fengselet. 

Ølen omsorgssenter har i 2 etg. innreda ein leiligheit til bruk for alvorleg kreftsjuke pasientar og deira pårørande. Tilbodet vert kalla "Lindrande seng". Målet er at  pasienten skal ha best mogleg livskvalitet i siste fase av livet og at dei fysiske omgivelsene er tilrettelagd for pårørande. 

Grete Skeie Sørhus

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vera til hjelp og støtte.

 

Kreftsjukepleiarane har koordinerande funksjon og samarbeidar med legane, fysioterapeutane, helsesøstrene, psykisk helseteneste, barne– og familierettleiarane og prestane i Vindafjord kommune, sjukehuset, kreftkoordinator, KOR og Kreftforeningen.

Kommunen har for tida tre kommunalt tilsette fysioterapeutar. I tillegg har me og ergoterapeut i 80% stilling.

Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/bustadtilrettelegging.

Ann Kristin Tangjerd og Grethe Hustvedt Lærdal er høyrsels- og synskontakt i kommunen.
Om du treng råd og rettleiing ta kontakt. 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering