Helse og omsorg

Støttesamtalar og anna

Rustenesta tilbyr individuelt tilpassa og regelmessig oppfølging basert på den einskilde person sine behov. Oppfølginga har fokus på førebygging, motivering, skadereduksjon og ettervern.

Sentrale tiltak i forhold til oppfølging er kartlegging og samtalebehandling. Samtalane kan finne stad på kontoret/dagsenteret i Sandeid, heime hjå deg eller på ein annan avtalt stad.

Rustenesta kan også bidra med å koordinera tiltak og tenestar, samt delta i naudsynte samarbeidsmøte og ansvarsgrupper. 

Det kan opprettast Individuell plan for personar som har behov for koordinerte og langvarige tenester. Indivduell plan er eit samarbeidsdokument som fordeler ansvarsoppgåver og ansvarsområde mellom instansar som bidreg til eit oversyn for deltakaren. Deltakaren "eig" sin eigen plan.

Rustenesta kan også hjelpa deg dersom du ønskjer tilvising til avrusing, poliklinisk behandling, langtidsbehandling, institusjon eller LAR (Legemiddelassisert rehabilitering).

Ein god bustadsituasjon er viktig for trivsel, meistring og livskvalitet. Rustenesta gir saman med bustadkontoret tilbod om bustadtrening.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30