Lov om sosiale tenester integrerer tenester til personar med rusmiddelproblem i dei generelle tenestene innanfor sosialtenesta.
Utgangspunktet er at rusmisbrukarar sitt behov for det meste kan dekkast innanfor sosialtenesta sitt generelle hjelpetilbod som t.d. økonomisk sosialhjelp, hjelp til midlertidig husvære, støttekontakt og andre ytingar i Folketrygda.
Kommunen har tilsette som fylgjer opp personar med rusproblem, det kan vere i heimen, på arbeidsplassen og anna.
Dersom du ynskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.
Hjelp til pårørande
Vindafjord kommune har inngått avtale med Veiledningssenteret for pårørande. Dette er eit tilbod til pårørande til rusmisbrukarar, pårørande til innsette i fengsel, og pårørande til dei som politiet er i kontakt med.
Dei kan tilby (PDF, 33 kB):
Tilbodet er gratis, ta kontakt (PDF, 38 kB)!
Publisert07.07.2016 15.52