Helse og omsorg

Rustenesta

Rustenesta er eit tilbod for personar med rusproblematikk, som er over 18 år og busett i Vindafjord kommune eller oppheld seg her midlertidig.

Målet for tilbodet er å legjjga til rette for tiltak for rusmeistring og vellukka rehabilitering med utgangspunkt i den einskilde person sine føresetnader, ønskjer og mål. 

Tilbodet skal vera prega av samarbeid, respekt, likeverd og medansvar. Det skal vera individuelt tilpassa, fagleg godt, og ha stor grad av brukarmedverknad.

Tilbodet er mellom anna heimla i Lov om sosiale tenester.

Rustenesta samarbeidar med lege, NAV, bustadkontoret, heimetenesta, psykisk helse og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og rus.

Kontaktinformasjon

Kontorstad: Sandeid (tidl. Sandeid aldersheim)

Opningstid: kl. 08.00-15.30

Postadresse: Psykisk helseteneste, Sandeidvegen 825, 5585 Sandeid

Telefon: 53 65 56 80 / 53 65 56 83 / 977 97 825

Einingsleiar: Tina Kvaløy, tlf.: 950 59 091

Avdelingsleiar: Gerd Sørhus, tlf.: 977 97 825

Tilbod

Individuell oppfølging

Samtalebehandling / støttesamtalar og anna

Hjelp til pårørande

Søknad

Det er ikje naudsynt med tilvising for å få kontakt med oss. Rustenesta er eit ope tilbod der ein kan venda seg direkte til tenesta, ved personleg oppmøte, telefon eller skriftleg. Du kan også bli tilvist av fastlegen din, gjennom andre behandlingstiltak eller gjennom NAV.

Alle som søkjer vert kontakta innan 2 veker. Søkjar får ei kartleggjing av behov og omfang av tenesta før eit enkeltvetak vert fatta.

Du kan også nytta søknadsskjema for å søkja om hjelp. Ver varsam med å senda personleg informasjon elektronisk.

Nyttige lenker

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30