Helse og omsorg

Rustenesta er eit tilbod for personar med rusproblematikk, som er over 18 år og busett i Vindafjord kommune eller oppheld seg her midlertidig.

Lov om sosiale tenester integrerer tenester til personar med rusmiddelproblem i dei generelle tenestene innanfor sosialtenesta.

Utgangspunktet er at rusmisbrukarar sitt behov for det meste kan dekkast innanfor sosialtenesta sitt generelle hjelpetilbod som t.d. økonomisk sosialhjelp, hjelp til midlertidig husvære, støttekontakt og andre ytingar i Folketrygda.

 Tenesta tilbyr oppfølging individuellt og i gruppe. Den individuelle oppfølginga kan vera:

Rustenesta tilbyr individuelt tilpassa og regelmessig oppfølging basert på den einskilde person sine behov. Oppfølginga har fokus på førebygging, motivering, skadereduksjon og ettervern.

Vindafjord kommune har inngått avtale med Veiledningssenteret for pårørande. Dette er eit tilbod til pårørande til rusmisbrukarar, pårørande til innsette i fengsel, og pårørande til dei som politiet er i kontakt med.

Me har samla informasjon om andre som driv med tilbod innan rus, aktuelle lovar og reglar, og anna stoff som omhandlar rusproblematikk.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering