Alt om korona i Vindafjord

Smittesituasjonen | Tiltak | Testing | Informasjon

Gå til temaside om koronaviruset

Helse og omsorg

Psykisk helsearbeid

Tenesta er for menneske med moderat eller alvorleg psykisk liding med behov for støtte og rettleiing over tid, eller langvarig oppfølging og koordinering av ulike tiltak.

Det kan òg vere menneske i krise eller med psykiske belastningar som har behov for hyppig og kortvarig oppfølging.

Tenester vert òg gitt til pårørande til psykisk sjuke, og barn og unge med familiar med psykososiale problem.

Viser også til Nav sine sider om sosiale tenester: https://www.vindafjord.kommune.no/sosiale-tenester/

Målet for tenesta er at den skal vere prega av samarbeid, respekt, likeverd og medansvar, vere individelt tilpassa, fagleg god, og med stor del av brukarmedverknad.

Tenesta kan gi tilbod om:

Søknad

For å få tenesta kan du bli tilvist av fastlege, DPS, Pleie og omsorg, skule og helsestasjon.

Du, pårørande eller andre kan også ta kontakt, men ein vil då i etterkant kontakte fastlegen.

Søknadsskjema 

Søknadskjema kan også fyllast ut i etterkant, dersom det ikkje lar seg gjere i forkant.
Psykisk helseteneste eller Servicetorget kan også hjelpe til med søknadsskjema.

Alle som søkjer vert kontakta innan 3 veker. Søkjar får ein kartlegging av behov og omfang av tenesta før eit enkeltvedtak vert gjort.

Betaling

Psykiatrisk sjukepleieteneste er gratis. Dei som nyttar aktivitetstilbodet på dagsenteret betalar etter gjeldande satsar vedtatt i kommunestyret. Sjå taksthefte. (PDF, 2 MB)

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester  (PDF, 43 kB)

Tenester for vaksne - Psykisk helse

Psykisk helseteneste i Vindafjord har tilsett sjukepleiarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidar. Nokre av desse har spesialutdanning i psykiatri og rus.
 
For å få tenesta kan du bli tilvist etter avtale med fastlegen din eller via DPS. Du kan også sjølv kontakte Psykisk helseteneste, men ein vil då i etterkant ta kontakt med fastlegen.
 
Kontorstad: Sandeid (Tidl. Sandeid Ald.heim)
Opningstid: Kl.08.00-15.30
Postadresse: Psykisk helseteneste, Sandeidvegen 825, 5585 Sandeid 
Einingsleiar: Tina Kvaløy
Avdelingsleiar: Gerd Sørhus
 

Støttesamtalar og anna hjelp

Individuelle samtalar har fokus på innsikt, støtte og meistring  Samtalane kan vere på kontoret/dagsenteret i Sandeid, heime hos deg eller på annan avtalt stad.
 

Miljøarbeid

Fokus på tilrettelegging og trening i å meistre daglege gjeremål. Me legg vekt på brukarmedverknad.
 

Dagsenter

I Sandeid har Psykisk helseteneste dagsenter som er ope mandag til fredag.
Her er det ulike handverksaktivitetar innan tre, tekstil, smykkelaging, papirlaging, rammeverkstad mm. Det er også trim- og turgruppe, felles laging av mat og felles måltid. Det finst også moglegheit for å bruke datamaskin på dagsenteret. Brukarråd blir halde jevnleg.
 
Telefon Dagsenter: 976 28 159
 

Bustad

Ein god bustadsituasjon er viktig for trivsel, meistring og livskvalitet. Kommunen har bufellesskap for personar med psykiske vanskar på Hauane i Ølen.
 

Rusomsorg

Gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak kan tenesta hjelpe den enkelte til å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. På same måte skal familien og dei pårørande få råd, rettleiing og hjelp.
Telefon Avdelingsleiar: 977 97 825
 

Førebygging av sjølvmord    

Treng du eller nokon du kjenner psykisk helsehjelp raskt? Er det akutt fare for sjølvmord?

  • Ved akutt fare for liv og helse, ring 113
  • Legevakt/Daglegevakt ring 116117

     

Vindafjord kommune:

Fastlegen

Kan du snakke med fastlegen din om det som er vanskeleg? Fastlegen kan vere den som kjenner deg best!

Veit du ikkje kven som er fastlegen din, finn du det på: Helsenorge: https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege

 

Ølen legekontor, Tlf.: 53 65 55 00

Vikedal legekontor, Tlf.: 53 65 55 40

Vindafjord legesenter, Tlf.: 52 76 74 00

 

Psykisk helse og rus

Ved akutt krise ring 113.

Vindafjord kommune har tilbod om samtale med psykiatrisk sjukepleiar for deg som er i krise eller har psykiske belastningar og som har behov for oppfølging. Du treng ikkje henvisning frå lege, men ein ønskjer eit samarbeid med fastlegen.

Kvardagar mellom Kl. 08-15.30

Tlf. Avdelingsleiar: 977 97 825 

 

Helsestasjon/Skulehelsetenesta

Alle skulane har helsesjukepleiarar (tidligare kalla helsesøster) som elevane kan snakke med om korleis dei har det. Helsesjukepleiarane har også fast trefftid på dei vidaregåande skulane. Sjekk skolens nettside for meir informasjon.

Kvardagar mellom Kl. 08-15.30

Tlf.: 53 65 55 60

 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom har ope kvar tysdag kl. 14.30- 17.00 på helsestasjonen på rådhuset, Ølen. For ungdomar mellom 13 - 20(+) og ein treng ikkje være busett i Vindafjord.

Lågterskeltilbod, treng ikkje timebestilling. Berre til å møta opp. Her vil ungdomane treffa lege og helsesøster.

Nettsider og hjelpetelefonar

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30