Helse og omsorg

Pasientklage

Om du meiner du har blitt feilbehandla eller at helsepersonell har brote nokre av sine pliktar ovanfor deg, som til dømes å gi forsvarleg behandling, kan du be Fylkesmannen vurdere dette. Du må sende skriftleg klage, hugs at personopplysingar ikkje skal sendast pr e-post.

 

Telefon: 51 56 87 00 fmropost@fylkesmannen.no

E-postfmropost@fylkesmannen.no

Postadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger

Klage på grunn av manglande oppfylling av pasientrettar

Som pasient har du i møte med helsetenesta mange rettar. Du har til dømes krav på nødvendig helsehjelp frå kommunen der du oppheld deg, og du har krav på innsyn i pasientjournalen din. Dine rettar som pasient finn du m.a. i pasient og brukarrettighetsloven og tannhelsetenesteloven.

Når du meiner ein pasientrett er broten, kan du be den som skal yte helsehjelpa om at du får det du har krav på. Dette går fram av pasient og brukarrettighetsloven § 7-1.

Får du ikkje slik tannhelsehjelp du meiner du har krav på, skal du klage til det organ Fylkeskommunen bestemmer. Dette går fram av tannhelsetenesteloven § 2-3.

Det er først når du får endeleg avslag på tenester du har søkt om som du meiner du har krav på etter lovverket, at du kan klage til Fylkesmannen. Klageretten går fram av pasient og brukarrettighetsloven § 7-2. Dersom du har klaga på vedtak, og kommunen gjer same vedtak på nytt, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen for vurdering.

Dersom Fylkesmannen kjem til at du ikkje har fått det du har krav på som pasient, kan helsetenesta bli pålagt å endre vedtaket som er gjort. Dette gjeld sjølv om helsetenesta tidlegare har meint at du ikkje har krav på eit slikt tilbod.

 

Klagefrist

Fristen for å klage er tre veker, om det ikkje er opplyst anna i vedtaket. Alle vedtak skal innehalde informasjon om klagefrist. Om du ikkje overheld klagefristen, kan dei som har gjort vedtaket velje ikkje å behandle klagen.

 

Korleis klagar du?

Ein klage skal som hovudregel vere skriftleg. Om det er nødvendig, skal dei som har gjort eit vedtak hjelpe deg med å skrive klagen.

 

Klagen sitt innhald

I klagen må det gå fram kva du klagar på. Det er ikkje eit krav at du grunngir klagen, men det vil i dei fleste tilfelle likevel vere ein fordel for deg som klagar at det blir gitt ein grunn til klagen.

 

Klageinstansen sitt vedtak er endeleg

Klageinstansen sitt vedtak, det vil seie Fylkesmannen sitt vedtak, er endeleg for deg, og kan ikkje bli påklaga til endå ein instans. 

 

Domstolsbehandling

Om alle klagemoglegheiter er prøvd, kan du bringe saka inn for ordinær domstolsbehandling.

 

Sivilombodsmannen

Einkvar som meiner seg utsett for urett eller feil frå offentlege myndigheiter, kan klage til Sivilombodsmannen

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30