Helse og omsorg

Individuell plan - IP

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosiale tenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Denne planen vert ofte kalla IP.

Retten er uavhengig av diagnose og alder, og gjeld sjølv om du bare mottar tenester frå eit forvaltningsnivå, til dømes kommunen. Du treng ikkje motta tenester frå spesialisthelsetenesta for å ha rett til å få utarbeide ein individuell plan.

Vindafjord kommune har vedtatt eit gjennomgåande system for IP. Frå informasjon og søknad, til vedtak og igangsetjing av planarbeidet. Det er Lov om kommunale helse- og omsorgstenester som regulerer retten til IP, men ein slik plan skal likevel omfatte alle aktuelle tenester.

Hovudpunkt

  • Den individuelle planen gir deg ikkje større rett til dei enkelte tenestene, men den er eit viktig grunnlagsdokument.
  • Planen dokumenterer den faktiske situasjonen din og ditt behov for tiltak og tenester, og kan også gi grunnlag for å søkje om tenester som du ikkje har i dag.
  • Individuell plan kan vere eit verktøy for deg til å få fram korleis kvardagen din skal vere no og framover.
  • Planen skal vere konkret og gi svar på når dei ulike tiltaka skal bli gjennomført og kven som har ansvar for å gjere det.

Klage

Du kan klage på at du har fått eller ikkje har fått ein individuell plan. Fylkesmannen er klageinstans for tenester etter Lov om pasient- og brukarrettigheiter.

 

Meir informasjon

Helsedirektoratet har utarbeidd ein brosjyre som fortel meir om kva Individuell plan er.

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30