Helse og omsorg

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosiale tenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Denne planen vert ofte kalla IP.

Retten er uavhengig av diagnose og alder, og gjeld sjølv om du bare mottar tenester frå eit forvaltningsnivå, til dømes kommunen. Du treng ikkje motta tenester frå spesialisthelsetenesta for å ha rett til å få utarbeide ein individuell plan.

Vindafjord kommune har vedtatt eit gjennomgåande system for IP. Frå informasjon og søknad, til vedtak og igangsetjing av planarbeidet. Det er Lov om kommunale helse- og omsorgstenester som regulerer retten til IP, men ein slik plan skal likevel omfatte alle aktuelle tenester.

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientar sine behov, interesser og rettssikkerheit, og for å betre kvaliteten i helsetenesta.

Dei gir råd, rettleiing og informasjon om rettane til pasientar, brukarar og pårørande.

Ombodet hjelper med å finne rett instans for å oppklare eller klage på vedtak eller behandling. Den enkelte står fritt til å følge råda ein får av ombodet.

I Noreg vert pasientane sine rettar tatt vare på gjennom Pasientrettslova.

Formålet med lova er å sikre at alle skal ha lik tilgang på helsehjelp av god kvalitet. Lova tar omsyn til mellom anna rett til medverknad og informasjon, barn sine rettar, journalinnsyn og eventuelle klager.

Om du meiner du har blitt feilbehandla eller at helsepersonell har brote nokre av sine pliktar ovanfor deg, som til dømes å gi forsvarleg behandling, kan du be Fylkesmannen vurdere dette. Du må sende skriftleg klage, hugs at personopplysingar ikkje skal sendast pr e-post.

 

Telefon: 51 56 87 00 fmropost@fylkesmannen.no

E-postfmropost@fylkesmannen.no

Postadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering