Vindafjord kommune disponerer ulike typar omsorgsbustadar lokalisert i sentrum. Dei fleste er sjølvstendige bueiningar, men nokre er kopla opp mot felles- og personalareal.
Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtatte reglar, og søknadane blir behandla på møte i tildelingsnemnda ca. ein gong i månaden. Det vert praktisert venteliste for kommunal omsorgsbustad.
Tjenesta er ikkje lovpålagt. Vedtak er enkeltvedtak, jfr. Forvaltningsloven. Det blir gjort todelt vedtak i sak ved tildeling:
-
Om søkjar fyller kriteria for tildeling eller ikkje.
-
Om søkjar fyller kriteria blir det gjort vedtak om tildeling.
Tilhøvet til leigetakarane vert regulert av Husleigeloven, samt eigne avtalar som blir inngått i høve til bustadar med spesifisert føremål og/eller leigetakar sitt behov for oppfølging i bustaden.
Utleige av tilrettelagde bustadar til vanskelegstilte skjer i samsvar med Husleigeloven § 11-1.
Søknadsskjema (PDF, 42 kB) kan du òg hente på Servicetorget. Søknaden skal sendast til Servicetorget, Rådhuset, 5580 Ølen.
Meir informasjon:
Lokalisering av kommunale bustadar
Kriterium for tildeling
Reglar for kommunal bustad
Publisert22.03.2015 22.08