Helse og omsorg

Fastlege

Alle innbyggjarar i Noreg har rett til ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Fastlegen har plikt til å prioritere innbyggjarar på eigen liste.

Nettbasert teneste

Du kan sjølv finne og byte fastlege på nettstaden MinFastlege.

 

Der finn du òg ut:

  • kva fastlege du har
  • fastlegen si adresse og telefonnummer 
  • korleis du byter fastlege
  • korleis du kan melde deg inn eller ut av ordninga
  • korleis du søkjer fastlege etter forskjellige kriterium 
  • kor mange gonger til du kan byte 
  • kven du har hatt som fastlege tidlegare  

Har du ikkje moglegheit til å byte fastlege på nettet?

Ring NAV Helsetjenesteforvaltning på telefon 810 59 500 

Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringer.

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at det er registrert. Du vil få eit brev som bekrefter at du har fått ny fastlege.

Reglar for byte av fastlege

Du kan byte fastlege to gonger pr. kalenderår. I tillegg kan du byte fastlege om du flyttar eller om fastlegen sluttar eller reduserer lista si.

Du kan fritt velje mellom fastlegar som har ledig kapasitet. Ein oppdatert oversikt finn du på MinFastlege.

Det er ikkje mogleg å setje seg på venteliste hos ein fastlege som har full liste. Nokre grupper har likevel rett til å kome inn på lista sjølv om lista er full.
Dette gjeld:

  • born under 16 år med foreldre/føresette på lista 
  • innbyggjarar som flyttar tilbake til kommunen innanfor ein tidsperiode på tre år og som ønsker same fastlege som tidlegare

Du kan velje fastlege i ein annan kommune enn der du bur

Om du ønsker at journalen skal bli overført til ny fastlege, må du betale eit gebyr til din tidlegare lege. Dette gebyret blir ikkje ført på eigendelskortet. Du må betale det uavhengig av om du har frikort eller ikkje.

Kommunen sitt ansvar er å ha nok fastlegar. Kommunen har ikkje moglegheit til å påverke listeplassering av innbyggjarane sine. Då må du kontakte fastlegeordninga på telefon 810 59 500.

Hugs å melde flytting til folkeregisteret!

Når du har meldt flytting til folkeregisteret, får du brev frå NAV som informerer deg om retten til å velje ny fastlege. Du finn flyttemeldingsskjema på Skatteetaten sine heimesider.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30