Helse og omsorg

Bestill legetimen på SMS

Ved Ølen og Vikedal legekontor kan du bestille time på SMS og gi melding om at du, til dømes, treng ny resept på faste medisiner du brukar.

Start tekstmeldinga med kodeordet ØLEN eller VIKEDAL + namnet, fødselsdatoen din og grad av hast eller ønska dag. Send til telefonnummer 2097.
 
Eksempel  :  
ØLEN Ola Hansen 12.05.1960, treng forlenga sjukemelding
VIKEDAL Kari Lund 28.11.1972, treng time helst idag
ØLEN Pål Olsen 04.09.1985 avbestiller time 04.03.2011
 
Bestilling er mogleg alle dagar, 24 t i døgnet.kr. 3,- pr. mottatt melding. Unngå sensitive opplysingar.
 

Tenesten må IKKJE brukast ved augeblikkeleg hjelp!

 
Sender du melding før kl.13.00, får du svar same dag. Vert meldinga sendt etter dette, kan du risikere å vente til neste dag før du får svar.
 
Vert SMS`en sendt i helga, vil du få svar i løpet av første ordinære arbeidsdag.
 
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30