Helse og omsorg

Kontaktinformasjon for spesialisthelsetenesta:

Kommunen si helsetjeneste skal mellom anna omfatte medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betre dagleg funksjonsevne inngår i denne tjenesta.

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta.

Sandeid fengsel er ein statleg institusjon. Kommunen har ansvar for helsetenesta til innsatte i fengselet. 

Ølen omsorgssenter har i 2 etg. innreda ein leiligheit til bruk for alvorleg kreftsjuke pasientar og deira pårørande. Tilbodet vert kalla "Lindrande seng". Målet er at  pasienten skal ha best mogleg livskvalitet i siste fase av livet og at dei fysiske omgivelsene er tilrettelagd for pårørande. 

Grete Skeie Sørhus

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vera til hjelp og støtte.

 

Kreftsjukepleiarane har koordinerande funksjon og samarbeidar med legane, fysioterapeutane, helsesøstrene, psykisk helseteneste, barne– og familierettleiarane og prestane i Vindafjord kommune, sjukehuset, kreftkoordinator, KOR og Kreftforeningen.

Ann Kristin Tangjerd og Grethe Hustvedt Lærdal er høyrsels- og synskontakt i kommunen.
Om du treng råd og rettleiing ta kontakt. 

Fysioterapi og ergoterapi

Kommunen har for tida tre kommunalt tilsette fysioterapeutar. I tillegg har me og ergoterapeut i 80% stilling.

Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/bustadtilrettelegging.

 

Kvardagsrehabilitering:

Kommunen tilbyr i 2017 kvardagsrehabilitering til nokre av dei som ynskjer å bu heime lengst mogeleg, til trass for byrjande funksjonsfall. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, kan du lese denne brosjyra:

For å melde interesse for tilbodet kan ein ta kontakt med ein av fysioterapeutane eller ergoterapeuten.

 

Prioriteringar og ventetid:

Me har ein eigen prioriteringsnøkkel som me prioriterer utifrå. Det vil seie at dei med størst behov for hjelp vil få hjelp først. Dermed kan det i periodar vere venteliste for å komme til hos fysioterapeut eller ergoterapeut.

 

Eigenandelar:

Frå 01.01.17 må alle pasientar som ikkje er innlagt på institusjon betale eigenandel for å gå til fysioterapeut. Dette gjeld fram til ein har nådd eigenandelstak 2, som for tida er på 1990,- kroner.

Unntaket er born under 16 år og yrkesskadde. Desse får full refusjon og treng difor ikkje betale for behandling.

Me vil opplyse om at dersom du ikkje møter til avtalt time hos fysioterapeut, utan å gi beskjed, vil me likevel belaste deg for det du måtte ha betalt i eigenandel for behandlinga.

Brosjyre - Kvardagsrehabilitering (DOCX, 52 kB)

 

Kontakt:

Dersom ein har behov for fysioterapi eller ergoterapi, kan ein ta kontakt med ein av oss i avdelinga:

Leiande kommunefysioterapeut Liv Kjersti Hustveit, tlf: 41 22 85 89

Mail: liv.kjersti.hustveit@vindafjord.kommune.no

Kommunefysioterapeut Caroline Holmedal, tlf 40 72 02 35

Kommunefysioterapeut Inga Elise Haugland Eide, tlf 41 72 54 38

Ergoterapeut Tina Günther, tlf 91 36 87 12

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering