Helse og omsorg

Fysioterapi og ergoterapi

Kommunen har for tida tre kommunalt tilsette fysioterapeutar, og ein ergoterapeut i 100 % stilling. Ergoterapeuten er i tillegg synskontakt i kommunen.

Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/bustadtilrettelegging.

Om du har behov for hjelpemidler kan våre terapeutar hjelpe deg med å søke om dette via NAV hjelpemiddelsentral. Me har god kunnskap om kva du kan søke om, og kva løysningar som finnes. Hjelpemidler som ein søker på via NAV er til varig utlån.
Om du har behov for hjelpemidler kun i ein kort periode, så har kommunen eit korttidslager du kan låne fra.

Det er ein fysioterapeut tilknytt helsestasjonen, som arbeider mot barn og unge, og to fysioterapeutar som er tilknytt sjukeheimane i kommunen. I tillegg gis individuell behandling poliklinisk og i heimen. Nedanfor kjem informasjon om ulike tilbod ut over dette.

Gruppetrening

Me tilbyr ulike gruppetreningar:
Balansetrening for eldre i små grupper.
Gruppetrening for personar med Parkinson.

Aktiv A

Tilbod for personar med Artrose (slitasjegikt). Grunnleggande informasjon og tilpassa trening.
Mogligheit for individuell behandling, eller pasientundervisning i mindre grupper (Artroseskule).
Kontakt Inga Elise Haugland Eide: 417 25 438

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til dei som ynskjer å bu heime lengst mogeleg, til trass for byrjande funksjonsfall. Det er ei tidsavgrensa rehabilitering i heimen.
Teamet består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar, som saman hjelper deg med å sette opp ein plan for perioden. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, kan du lese denne brosjyra. (PDF, 503 kB)

For å melde interesse for tilbodet kan ein ta kontakt på telefon eller mail.
Koordinator Caroline : 407 20 235
Mail: kvardagsrehabilitering@vindafjord.kommune.no

Prioriteringar og ventetid

Me har ein eigen prioriteringsnøkkel som me prioriterer utifrå. Det vil seie at dei med størst behov for hjelp vil få hjelp først. Dermed kan det i periodar vere venteliste for å komme til hos fysioterapeut eller ergoterapeut.

Eigenandel

Frå 01.01.17 må alle pasientar som ikkje er innlagt på institusjon betale eigenandel for å gå til fysioterapeut. Dette gjeld fram til ein har nådd eigenandelstak 2, som for tida er på 2176,- kroner.

Unntaket er born under 16 år og yrkesskadde. Desse får full refusjon og treng difor ikkje betale for behandling.

Me vil opplyse om at dersom du ikkje møter til avtalt time hos fysioterapeut, utan å gi beskjed, vil me likevel belaste deg for det du måtte ha betalt i eigenandel for behandlinga.

Kontaktinformasjon

Leiande kommunefysioterapeut Liv Kjersti Hustveit, tlf: 412 28 589

Kommunefysioterapeut Caroline Holmedal, tlf: 407 20 235

Kommunefysioterapeut Inga Elise Haugland Eide, tlf: 417 25 438

Ergoterapeut Tina Günther, tlf: 913 68 712

Private institutt

I tillegg er det to private institutt i kommunen:

Ølen fysioterapi - Frisk treningssenter Tlf: 53 76 85 07

Fysioterapeut Georg Feed
Tilbyr trykkbølgebehandling, elektroterapi og laserbehandling.
Har faste gruppetreningar i treningsal, og tilbyr gruppetrening i basseng i periodar.
Ta kontakt på 41 65 73 23

Fysioterapeut Vegard Lønnheim
Brei erfaring innan idrettsrelaterte plager.
God kompetanse på funksjonstap, skader og smerter i skulder, rygg, kne og hofte.
Tilbyr Dry-needeling.
Ta kontakt på 957 02 552

Vindafjord fysikalske institutt - Vikaneset i Skjold
Tlf: 52 76 52 20

Fysioterapeut Dag Øverland

Fysioterapeut Annett Grünbeck-Manoury
Fysioterapeut med utdanning innan manuellterapi, Bobath, Neurac og nålebehandling.
Brei erfaring innan fysioterapi.