Alt om korona i Vindafjord

Smittesituasjonen | Tiltak | Testing | Informasjon

Gå til temaside om koronaviruset

Helse og omsorg

Folkehelseundersøking - Korleis har du det eigentleg.

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 


Kommunen skal ha «folkehelse i alt me gjer».

Kommunen har 5 overordna satsingsområde for folkehelse: «Lære heile livet», «god nok heile livet», «alle med heile livet», «aktiv heile livet» og «leve heile livet». Aktuelt nå er folkehelseundersøkinga som er tilgjengeleg for alle i Rogaland.

Korleis har du det, eigentleg?
Folkehelsa skal kartleggjast i Rogaland og vi ønskjer mange svar i Vindafjord

Folkehelseundersøkinga som starta 14. september er open til måndag 5.oktober. Håpar du og vil svare!

For første gong skal vi gjennomføre ei folkehelseundersøking i Rogaland. Undersøkinga vil gje viktig informasjon om trivsel, velferd og helse hjå rogalendingane, og er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI).

Berre Vindafjordingane sjølv kan fortelje noko om korleis det er å bu og leve i her. Svara vi får i denne undersøkinga blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for all samfunnsplanlegging i fylket vårt i åra som kjem. Det er difor viktig at så mange som mogleg svarer. 

Om lag 74 000 rogalendingar er tilfeldig utvalde og får invitasjon til å delta i undersøkinga. Invitasjonen blir sendt via SMS og e-post. Alle andre innbyggjarar kan òg svara på undersøkinga på www.rogfk.no/fhusUndersøkinga er digital. 
Det einaste kravet er at du må vere 18 år eller eldre, og bu i Rogaland. Grunnen til at vi berre ber om svar frå dei over 18, er at vi allereie har god informasjon om dei unge frå Ungdata-undersøkinga. Nå håper vi å få gode data for heile den samla befolkninga, seier Haver.

Vi må vite korleis folk har det for å kunne utvikle eit samfunn som i større grad tek vare på og fremjer trivsel, livskvalitet og helse. Vi stiller òg nokre spørsmål om koronasituasjonen, for å få vite meir om korleis den har påverka folk sin kvardag, seier Christine Haver, regionalplansjef i Rogaland fylkeskommune.

Les meir på www.rogfk.no/fhus.

Sjå meir på nettsidene til FHI og folkehelseundersøkingar og om personvern i folkehelseundersøkingar for detaljar.

Se FHIs pressemelding om folkehelseundersøkinga i Rogaland

 

Generelt om folkehelse

Overordna mål for kommunen er å fremja befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold. 

Kommunen utarbeidar ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i befolkninga (i samsvar med folkehelselova § 5). Oversiktsdokumentet skal utarbeidast kvart fjerde år og leggjast til grunn for arbeidet med kommunal planstrategi. 

Ny oversikt er kortfatta og tydeleg på prioriteringane. I folkehelseoversikta blir dei 5 hovudarbeidsområda innanfor folkehelse lagt fram.

Kommunal planstrategi og folkehelseoversikt for 2020-2023 blei vedteken i Vindafjord kommunestyre den 22.06.2020.

Her er direktelink til Folkehelseoversikt for Vindafjord kommune 2020-2023.

Vindafjord kommune utarbeida den første oversikta i 2017, Folkehelseoversikt for 2017-2020 (PDF, 2 MB) 

Folkehelsearbeidet

Arbeidet med folkehelse i kommunen er organisert gjennom folkehelseforum. Folkehelseforumet er tverrfagleg med representantar frå alle fagområda i kommunen.

Folkehelseforumet skal samordne og koordinere arbeidet med folkehelse gjennom året. Det er i hovudsak årlege tiltaksplanar som styrar aktivitetsnivået og folkehelseforumet utarbeidar desse kvart år. Forumet følgjer opp partnerskapsavtalen for folkehelse. I samsvar med denne får kommunen tilskot til folkehelsearbeidet. Forumet har vidare ansvaret får arbeidet med og revisjon av folkehelseoversikten og skal sørgje for ein løpande oversikt.

Statlege, regionale og kommunale føringar for arbeidet med folkehelseoversikta:

Lov om folkehelsearbeid https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29

Oversikt over folkehelsen i Rogaland https://www.rogfk.no/vare-tjenester/folkehelse/kunnskapsgrunnlaget/

Kommuneplanen

Siste nye tilgjengelege statistikk/informasjon finn du her:

Resultat frå Ung-data i Vindafjord 2020

Folkehelseprofil for Vindafjord 2020

Utvida folkehelseprofil Vindafjord 2020 (PDF, 497 kB)

Folkehelsemeldinga “Gode liv i eit trygt samfunn”

Kvalitetsreforma “Leve hele livet»

Bustadanalysen

 

Miljøretta helsevern

Kommunane Etne, Vindafjord, Suldal og Sauda har delegert arbeidet med miljøretta helsevern til eit interkommunalt selskap:  Senter for Miljørettet Helsevern. Vertskommune er Sauda.
Sjå link for meir informasjon

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30