Kontakt
Postadresse: Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats
Telefon: 53 65 59 00
Slik finn du oss
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats. Frå E134 tar ein av ved Knapphus og kjører 4,9 km, då ligg Vindafjordtunet på høgre sida av vegen.
Det er parkeringsplass nede ved vegen, fortsett opp bakken og ein kjem til hovudinngangen.
1. etg. Kontor for einingsleiar, sekretær, konsulent, saksbehandlar, dagsenter, kjøkken og kantine.
2. etg. Sone 2: Skjold og Vats, Sone 1: Utsikten og Fjellro, Heimtun og Soltun.
3. etg. Sone 1: Tinden, Sone 2: omsorgsbustader
Tilbod
Dagsenter for heimebuande personar med demens
Vindafjord kommune har dagsenter for personar som bur heime og som har demenssjukdom. Tilbodet er lokalisert i tilknytning til omsorgsbustadene på Vindafjordtunet og har eigen inngang.
Dagsenteret har ope måndag, tirsdag og onsdag, og har moglegheit til å ta i mot 5 brukarar kvar gong.
Dagsenteret har fokus på tryggleik, respekt, aktivitet og den gode dagen. Eksempel på aktivitetar kan vere turgåing, trim, måltider, matlaging/baking, høgtlesing, song og musikk, hageaktivitetar i sansehagane våre og den gode samtalen. Dette er eit lågterskeltilbod og ein treng ikkje ha diagnose for å søkja plass her. Dei kan væra i startfasen av ei demensutvikling.
Dagtilbod
Det å halde seg i aktivitet og ha sosialt samvær med andre, er viktig for å ha ei god helse. Når helsa begynner å bli redusert kan gjerne dagtilbod vere eit godt tilbod for den eldre. Det er knytta ergoterapeut og aktivitør til aktivitetar og dagtilbod ved omsorgssenteret i Ølen, ein har ei eiga avdeling på Vindafjordtunet. Dette er eit tilbod som ein må søkje på.
Dagtilbodet har ope på onsdag og fredag.
På Vindafjordtunet har ein arbeidsstove open tirsdag kvar veke. Dette er for alle bebuarane på sjukeheimen og omsorgsbustadene.
Pasientoppfølging
Kvar bebuar får tildelt ei primærgruppe som består av sjukepleiar, hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/ helsefagarbeidar og assistent. Spørsmål av praktisk art kan bli stilt til primærgruppa. For spørsmål som gjeld helsetilstand, medikament og liknande, tar ein kontakt med sjukepleiar.
Dagsrytmen
Det er personale på jobb heile døgnet på sjukeheimen.
Frukost er frå kl 09.00 - ca. kl. 10.00.
Middag ca. kl. 12.30.
Kaffimat ca. kl. 15.30.
Kveldsmat ca. kl. 18.00, og eventuelt ekstramåltid for dei som ynskjer det seinare på kvelden.
Arrangement og tilstellingar
På Vindafjordtunet vert det arrangert julefest for bebuarar og pårørande på sjukeheimen, basar, andaktar og andre sosiale tiltak som er opne for dei som bur på Vindafjordtunet.
Det vert hengt opp informasjon om arrangementa og kven dei er for.
Kontakt og samarbeid
Dei tilsette er opptatt av å gi bebuarane eit aktivt og triveleg miljø. For å få det til er ein avhengig av eit nært samarbeid med brukarar og pårørande.
Eit av tiltaka er besøkstid på avdelingane heile dagen. Det er sjølvsagt også anledning for at brukarane kan vere med heim på besøk.
Mat
Me får tilkøyrt middag frå Ølen Omsorgssenter.
Pårørande kan kjøpe brus, is og påsmurt i kantina. Det er også mogleg å låne ei stove dersom den er ledig, ta då kontakt med personalet for spørsmål om dette.
Mat til heimebuande vert levert ut etter bestilling
Vaskeri
Vindafjordtunet har pr. i dag avtale med ASVO i Etne som utfører vask av tøy.
Fysioterapi
Fysioterapeut tilsett i kommunen kjem på huset to gonger i veka. Nokre av tenestene fysioterapeuten gir er individuell behandling eller trening, gruppetrening/trim, tilpassing av tekniske hjelpemiddel. Fysioterapeuten driv òg med rettleiing og opplæring av personalet.
Tilsynslege
Tilsynslegen kjem på Vindafjordtunet to gonger i veka, tysdag og torsdag. Sonene har ei intern fordeling av dagane.
Det er mogleg å avtale pårørande-samtale med legen. Snakk med dei tilsette i avdelinga, så vil dei formidle vidare.
Skulle det dukke opp noko akutt medisinsk utanom desse dagane vurderer ein fortløpande om det er behov for å snakke med tilsynslegen eller legevakt.
Flytting av bebuarar
Vindafjordtunet driv demensomsorga for heile kommunen. Bebuarar som ikkje lengre har behov for skjerma avdeling, vil bli vurdert flytta til somatisk avdeling. Dette for å gi eit optimalt tilbod til dei som treng det.