Helse og omsorg

Sjukeheim

Det er to omsorgssenter i Vindafjord kommune. Vindafjordtunet i Vats, og Ølen omsorgssenter i Ølen.

Lovverk

I omsorgstjenesta arbeider ein ut ifrå

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Forvaltningsloven

Lov om pasient- og brukerrettigheter

 

Søknad

Søkje om plass? Ein skal nytte eige søknadsskjema. Det er viktig at søkjar sjølv skriv under på søknaden. Ver vennleg å fylle ut alle rubrikkane. 

Søknader til institusjon vert behandla i inntaksmøte 1 gong i veka. Tildeling vert gitt etter vedtatte kriterium. Ein får tilbakemelding på om søknaden er vedtatt eller avslått.

 

Tilbod

Korttidsplass på sjukeheim

Langtidsplass på sjukeheim

Demensomsorg i institusjon

Heimehjelp

Heimesjukepleie

Takstar - Tenester i Pleie og omsorg Eigenbetaling - Som vederlag for opphald ved Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet vert det nytta maksimalsatsar som sentrale styresmakter til ei kvar tid fastset i samsvar med Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstenester av 16.12.11. - For korttidsopphald betalar brukarane fast pris i tråd med tilrådd maksimumsbeløp frå sentrale styresmakter. Deretter utrekna sum basert på inntekt/utgift jfr. forskrifta. - For langtidsopphald regulerer forskrifta kva ein skal betale. Fribeløp er fastsett statleg. Nyttar maks takster. - Enkelte dag eller nattopphald reguleres av statlege satser. Betaling for aktivitetstilbod er inkl. transport, opphald, middag og kaffi
Takstar - Tenester i Pleie og omsorg
Teneste Takst
Middagsutlevering med vedtak kr 85,-
Middag med dessert kjøpt i kantina kr 130,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - under 3G kr 228,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - over 3G kr 436,-
Installasjon av nye alarmar, og nedtaking ved opphør pr. gong kr 550,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - 0-4 G, pr dag kr 110,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - Over 4 G, pr dag kr 140,-
Takstar - Praktisk bistand Kommunen tek eigenbetaling for pleie- og omsorgstenesta som ei abonnementsordning med heimel i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester. Abonnementsordninga legg til grunn ei fast bestilling på tenesta pr mnd. Betaling for praktisk bistand (pr mnd) vert rekna ut i frå inntekt. Dersom ein mottek lite hjelp pr mnd, kan det verta rimelegare å betale timepris enn abonnement.
Takstar - Praktisk bistand
Teneste Takst
Brukar med nettoinntekt under 2 G, per mnd kr 205,-
Brukar med nettoinntekt mellom 2-3 G, per mnd kr 945,-
Brukar med nettoinntekt mellom 3-4 G, per mnd kr 1890,-
Brukar med nettoinntekt mellom 4-5 G, per mnd kr 2740,-
Brukar med nettoinntekt over 5 G, per mnd kr 3450,-

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65