Helse og omsorg

Ølen Omsorgssenter

Ølen - Klikk for stort bilete

Ølen omsorgssenter ligg i Ølen sentrum. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplasser, og gir heimetenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Det er både korttidsplasser og langtidsplasser på senteret, i tillegg til Dagsenter for eldre og kjøkken som blant leverer mat til heimebuande.

 

Inne- og utetenesta er samordna slik at dei tilsette per idag jobbar både ute i heimetenesta og inne på avdelingane. Helse og omsorg er for tida i ein prosess der det blant anna blir vurdert å gå vekk frå integrerte tenester.

Kontakt

Adresse: Rådhusplassen 30, 5580 Ølen

Telefon: 53 65 60 00

Slik finn du oss:
Ølen omsorgssenter har innkjøring frå E 134, saman med innkjøring til Rådhuset i Ølen. Fortsett opp bakken. Inngang i bygget.

1. etg. Dagsenter for eldre, kjøkken, kontor for einingsleiar og konsulentar. 

2. etg. Sone 5, institusjon og heimeteneste for Vikedal, Sandeid og Imsland, samt  "Lindrande Seng".

3. etg. Sone 4, institusjon og heimeteneste for Ølen, Ølensvåg og Bjoa.

 

Er du ein innovativ og dyktig sjukepleiar?

Ta gjerne kontakt med einingsleiar.

 

Er du under utdanning til å bli sjukepleiar eller helsefagarbeidar?

Vindafjord kommune har gode stipendordningar for deg som ønskjer å jobba medan du tar utdanning (PDF, 577 kB).
Ta kontakt med einingsleiar.

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Kitty Soltvedt
Einingsleiar
Tlf: 53 65 60 22
E-post: Send epost