Helse og omsorg

Langtidsplass på sjukeheim

Vindafjord kommune gir tilbod om langtidsopphald ved ein av institusjonane sine til personar som på grunn av sjukdom eller omfattande funksjonssvikt ikkje lengre kan bu i eigen heim, og som har behov for døgnkontinuerleg hjelp og tilsyn.

Målet for tenesta er å gi pasienten eit trygt og meiningsfylt tilvære, lindre liding og førebyggje sjukdom/avgrense omfanget av sjukdom.

Pasienten får hjelp til å dekke sine grunnleggjande fysiologiske, åndelege og kulturelle behov. Ein vil ivareta og vise respekt for eigenverd og sjølvstende.

Legetilsyn og nødvendig behandling vert gitt. Tenesta gir høve til å delta i eit fellesskap og tilbod om aktivitet, og legg til rette for at pasienten kjenner seg trygg. Ein får òg nødvendig vedlikehald av - og kompensasjon for - tapte funksjonar m.a. ved tilpassing av hjelpemiddel.

Alle får eigenomsorg ivaretatt ut i frå eigne ressursar. Ein vil få til eit optimalt funksjonsnivå. Alle har einerom med eigen dusj og toalett, og får tilbod om kulturelle tiltak og ulike aktivitetar.

Tenesta er heildøgnsbemanna, og blir betalt etter satsar fastsett av kommunestyret.

 

Søkje om plass

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Ta kontakt med Servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Alle som søkjer vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker.

 

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)

Takstar - Tenester i Pleie og omsorg Eigenbetaling - Som vederlag for opphald ved Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet vert det nytta maksimalsatsar som sentrale styresmakter til ei kvar tid fastset i samsvar med Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstenester av 16.12.11. - For korttidsopphald betalar brukarane fast pris i tråd med tilrådd maksimumsbeløp frå sentrale styresmakter. Deretter utrekna sum basert på inntekt/utgift jfr. forskrifta. - For langtidsopphald regulerer forskrifta kva ein skal betale. Fribeløp er fastsett statleg. Nyttar maks takster. - Enkelte dag eller nattopphald reguleres av statlege satser. Betaling for aktivitetstilbod er inkl. transport, opphald, middag og kaffi
Takstar - Tenester i Pleie og omsorg
Teneste Takst
Middagsutlevering med vedtak kr 85,-
Middag med dessert kjøpt i kantina kr 130,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - under 3G kr 228,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - over 3G kr 436,-
Installasjon av nye alarmar, og nedtaking ved opphør pr. gong kr 550,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - 0-4 G, pr dag kr 110,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - Over 4 G, pr dag kr 140,-

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65